Mar
22
to Mar 23

FIS Jølster 2024

FIS Jølster 2024

Jølster Alpin har gleda av å invitere til to dagar med FIS- renn i slalåm 22.-23. mars 2024 ved Jølster Skisenter. 

  • NÅR: 22.3 - 23.03.2024

  • FØRSTE START: 08:00

  • KVAR: Jølster Skisenter 6847 Vassenden

  • GREIN: Alpint

  • TYPE: Internasjonalt

  • PÅMELDINGSFRIST: 19.03.2024

Klassar/Øvingar

Start22.03.2024ØvelseSlalåm - DamerStartkontingent310Start22.03.2024ØvelseSlalåm - HerrerStartkontingent310Start23.03.2024ØvelseSlalåm - DamerStartkontingent310Start23.03.2024ØvelseSlalåm - HerrerStartkontingent310

https://isonen.no/event/clryv845i013cpo56zz54fwd2/

View Event →
Gratis skredkurs for ungdom i Jølster Skisenter
Jan
10
6:00 PM18:00

Gratis skredkurs for ungdom i Jølster Skisenter

Skredgruppa med Andreas Campbell Pedersen og Jølster Skisenter inviterer til skredkurs i Jølster Skisenter 10. januar kl. 18-20. Fortrinnsvis for ungdom.

Toppturar og offpiste skikjøring trekk til seg stadig fleire, og det er eit stort behov for kunnskap om terreng og snøskred. Snøskred representerer ei av dei største farene i vinterfjellet, og kunnskap kan vere heilt avgjerande for å unngå å bli utsett for skred.

Vi har plass til maks 12 deltakarar

Fyll ut følgande:

-Personalia (navn/alder/telefonnummer)

-Har du eigen skredsøker (ja/nei)

-Har du spade (ja/nei)

-Har du søkestang (ja/nei)

Oppmøte ved nedre varmestove.

Send påmelding til post@jolsterskisenter.no

View Event →
FIS Jølster 2023
Mar
10
to Mar 11

FIS Jølster 2023

Jølster Alpin har gleda av å invitere til to dagar med FIS- renn i slalåm 10.-11. mars 2023 ved Jølster Skisenter. Vi ynskjer løparar og trenarar velkomen til våre tradisjonelle renn som vi har arrangert sidan 2010.

Løpa vil føregå i Bjørkelibakken som er den nederste delen av anlegget.

Rennstart kl 9.30 begge dagar.

Vi oppmodar alle til å komme og sjå på lokale og nasjonale løparar under desse renna.

Renninvitasjon

Link til live timing fredag kvinner.

Link til live timing fredag menn.

View Event →
Feb
12
10:00 AM10:00

SGN Skidemo

  • Jølster skisenter 6847, Vassenden Norge (map)
  • Google Calendar ICS

Obs! Arrangementet vert utsetttil ny dato grunna regn og mildver!

Saman med Erdal Sport arrangerer SGN skidemo i Hølster Skisenter på søndag!

SGN er på plass fra 1000-1600, og held til ved Kvamsheisen!

Kanskje du finn en ny favoritt?

Les mer om skia til SGN her: sgnskis.com

For å låne ski treng vi legitimasjon, så ta gjerne med førerkort eller bankkort.

View Event →
Feb
1
6:00 PM18:00

Generalforsamling Jølster Skisenter 2021/2022

Generalforsamlinga blir på teams: Klikk her for å bli med i møtet

Generalforsamling i Jølster Skisenter AS for driftsåret 2021/2022

Det vert med dette kalla inn til generalforsamling i Jølster Skisenter, onsdag 01.februar 2023 kl. 18:00 på teams. Teamslink følger med innkallinga.

Sakliste

Registrering

1. Val av møteleiar

2. Godkjenning av innkalling

3. Val av protokollførar

4. Val av representant til å signere møtebok saman med møteleiar

5. Årsrekneskap 2021/2022

6. Endring av vedtekter

7. Val til styret

Dagens styre består av:

Knut Arild Flatjord, styreleiar

Eivind Fonn, nestleiar, (på val 2023)

Frode Svidal, styremedlem, (på val 2023)

Leif Arne Åsen, styremedlem, (på val 2023)

Britt Kari Vasstein, styremedlem, (Jølster IL), (på val 2023)

Børge Dvergsdal, styremedlem, (på val 2023)

Atle Hamar, styremedlem, (Sunnfjord Kommune)

Laila Vilnes Helgheim, (Sunnfjord Kommune), (på val i 2023)

Stein Arne Sunde, styremedlem (Bjørkelia Hytte/SAS AS)

  • Styreleiar er på val kvart år.

  • Atle Hamar og Stein Arne Sunde står på val ved denne GF.

  • Ber om at eventuelle framlegg til nye styremedlemmer blir sendt på e-post til styreleiar innan

25.januar 2023

Med venleg helsing

Jølster Skisenter AS

Knut Arild Flatjord Styreleiar

View Event →
SPV Alpincup SL og SSL
Jan
22
10:00 AM10:00

SPV Alpincup SL og SSL

Det er klart for sesongens første SPV Alpincup ved Jølster Skisenter søndag 22. januar. Det blir to renn, SL og SSL, og eiga løype for dei yngste i barnetrekket.

Program

Laglairmøte09:30 ved heisbua på Kvamssøylen

SSL synfaring kl. 09:35,

rennstart kl. 10:15

SL Synfaring kl. 12:00,

rennstart kl. 12:30

Barnerenn start kl. 11:30

Renninvitasjon

Påmelding

Informasjon om rennet finn de på Sogn og Fjordane Skikrins sine sider. Påmelding via Min Idrett.

Når: Søndag 22.01.23. Rennstart kl. 10.00.

Det vert arrangert barneskirenn i barnebakken ved Hauglandsheisen for dei minste.

View Event →
Trekktrasseen opp 2022
Oct
7
4:30 PM16:30

Trekktrasseen opp 2022

Velkommen til fylkets kortaste motbakkeløp med lengde på 1000 m og stigning på 220 m.

Påmelding frå kl. 16.30. Intervallstart kl 17,30. Start trimklasse frå kl 16,30

Alle som deltek er med i trekninga av mange flotte premiar.

Startkontigent : Under 15 år kr 50, over kr 80, familie kr 100.

Vipps 127890 / Kto.nr. 3703 304407

Kom å bli med! Inntektene går til Jølster Løypelag og preparering av langrennsløyper.

Arr. Jølste:r Løypelag.

View Event →
FIS JØLSTER 2022
Mar
12
to Mar 13

FIS JØLSTER 2022

(Obs! Det er pr. 11/3 endringar i programmet. Det betyr to renn laurdagen og trening søndag).

12.-13. mars 2022 arrangerer Jølster IL Alpin FIS-renn i slalåm ved Jølster Skisenter nok ein gong. .

Etter fjorårets avlysing er det med stor glede at Jølster IL Alpin nok ein gong kan invitere til FIS-renn i slalåm. Vi ynskjer løparar og trenarar velkomne til våre tradisjonsrike rennet som vi har arrangert sidan 2010. 

Jølster Alpin inviterer til to dagar med FIS- renn i slalåm 12-13.mars. Vi ynskjer løparar og trenarar velkomen til våre tradisjonelle renn som vi har arrangert sidan 2010. Vi er godt i gang med planlegginga og i renninvitasjonen finn de alle opplysningar.

Lenke til rennivitasjon og informasjon finn de her

Velkomne til Sunnfjord!

View Event →
Kvamsfjellet Ned og Mini-Kvamsfjellet Ned
Mar
5
4:30 PM16:30

Kvamsfjellet Ned og Mini-Kvamsfjellet Ned

Børst støv av skia dine og bli med på årets råaste skirenn i Jølster Skisenter!

Lørdag 5. mars blir det igjen arrangert fjellet ned! Kinesisk utfor frå toppen av Kvamsfjellet og helt ned til nederste parkeringa/varmestova. Det vil også bli arrangert Mini Kvamsfjellet ned. Alle renn med tidtaking og flotte premiar. Rennet har open klasse, så du står fritt til å velje utstyr. Telemark, alpint eller snowboard. Her er det motet som kvalifiserar.

Kvamsfjellet Ned

Start kl. 16.45

Dei som deltek på Kvamsfjellet ned lyt vere fylt 14 år. De vil få skyss frå toppen av heisen med trakkemaskin og vert dregen heilt opp på Kvamsfjellet. For å minske risikoen for skadar, har vi valgt å lage trakkemaskinspor heilt til topps.

Premiering:

1.premie damer: kr. 10 000,-

1.premie menn: kr. 10 000,-

Premiering Idealtid: kr. 5 000,-

Minikvamsfjellet ned: 8-14 år.

Start kl. 16.30
Dette rennet er for dei litt yngre og startar på toppen av skisenteret, og har portar til bunn av bakken. Her er det også felles start med valfritt utstyr. Første jente og gut ned vinn flotte premiar, her vil vi også ha fleire flotte trekkepremiar på startnummer.

Premiar frå mellom anna Jølster Skisenter (årskort), Din Sport, Fjærland Guiding og Jølster Rafting.

Påmeldingskontigent:

Kvamsfjellet Ned: kr. 300,- (inkl. trakkemaskintransport opp)

Minikvamsfjellet Ned: kr. 150,-

Påmelding til post@jolsterskisenter.no eller ved oppmøte i skisenteret.

View Event →
Feb
12
10:30 AM10:30

SPV AlpinCup Jølster IL

Laurdag 12. februar 2022 inviterer Jølster IL Alpin og Jølster Skisenter til Sparebanken Vest AlpinCup, Storslalåm.

Rennet er tilpassa alle, spesielt inviteres deltakarar frå skiskulen, U8-U10 kan velge om dei vil køyre lang eller kort løype. Kort løype startar midt i Kvmshenget og således synleg frå målområdet. 

Rennkort kr 150,- blir mulig å kjøpe ( VIPPS) ved henting av
Startnummer. 

Sjå heile renninvitasjonen med info her.

View Event →
Dec
28
10:30 AM10:30

SPV Julerenn SSL 2021

Jølster IL Alpin og Jølster Skisenter inviterer til Julerenn i storslalom

Tid: tirsdag 28.12.21

Rennstart: Kl. 1030

Stad: Jølster Skisenter, Kvamsstøylen

Arrangør: Jølster Alpin

Disiplin: SSL

Rennleiar: Vidar Taklo

TD: Kåre Hetle og Geir Angedal

Lagleiarmøte: Kl. 10.00 ved brakka på Kvamsstøylen

Synfaring: 10.10

Uformelt renn for “alle”, 2 omganger raskt etter hverandre, info kommer på lagledermøte.

Påmelding Via “min idrett”. Frist måndag 27. desember kl. 23.59. Alternativt på e-post til pamelding@jolsteralpin.no.

Kr 150,- (15 år og yngre), 160.- (junior og senior)

Betalast ved påmelding i Min idrett, alternativt til konto 3703.10.32823 el VIPPS 658706, ved påmelding på e-post.

Alle over 13 år skal ha løyst skilisens og ha FIS godkjent hjelm, sjekk bindinger

Startnummer: Utdeling på Kvamsstøylen

Rennkort: Kr 150,- for deltakarar og føresette. OBS! Ta med KeyCard eller kjem 75 kr i tillegg

Smittevern:

• Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime • Hugs god hand- og hostehygiene

• Hald minst 1 meters avstand

Gjeldande smitteverntiltak for skiidretten er oppdatert i Norges Skiforbund sin koronarettleiar.

Velkomne!

-Leiar Jølster Alpin Fabian Bergqvist

View Event →
Skibytedag i Jølster Skisenter
Nov
27
1:00 PM13:00

Skibytedag i Jølster Skisenter

Lørdag 27. november kl. 13.00 kan vi endelig ynskje velkommen til skibytedag i varmestova i Jølster Skisenter.

Har du brukt alpint-, randone-, langrenn-, eller snowbordutstyr som du eller “poden” har vokse ut av, kan du ta med og selje. Har du skikle, hjelmar, skisko, vottar, ullkle, kjelkar og anna vinterutstyr er dette også noko som andre kanskje kan ha nytte av.

Her er det vel møtt for alle som vil gjere ein god handel. Dette er bra for både miljøet og lommeboka.

Nytt høvet til å fylle på keycardet ditt til vinteren, hugs at kampanjeprisen på sesongkort kun varer ut november! Hugs å ta med keycardet ditt.

Vi opnar dørene kl. 12.30 for deg som har utstyr å setje på plass. Hugs å merke utstyret med pris. Betaling skjer via vipps, overføring på konto eller kontant mellom seljar og kjøpar.

Vel møtt!


View Event →
FIS 2021
Feb
26
to Feb 28

FIS 2021

AVLYST!
Jølster IL Alpin og Jølster Skisenter har gleda av også i år å arrangere FIS-renn med disiplinane storslalåm fredag 26. februar og slalåm laurdag 27. februar og søndag 28. februar.

Fredag vil rennet føregå i Kvamsbakken. Denne dagen er det stengt i anlegget men alle er velkomne til å bli med som publikum. Laurdag og søndag vil renna føregå i Bjørkelibakken, det vil difor vere god plass i resten av anlegget til alle andre gjester.

Vi oppmodar alle til å ta med seg klappstol, kakao, flagg, og god stemning og bli med å gjere renna til ein fest! Her har du mogelegheit til å sjå up-and-coming alpinistane som vert dei neste store alpintstjernene.

Informasjon for deltakarar finn de her.

View Event →
Grunnkurs i alpint for damer
Feb
7
10:30 AM10:30

Grunnkurs i alpint for damer

Søndag er sjølvaste morsdagen og i det høve vil Even Hole og Reidun Bergheim arrangere grunnkurs for damer og mødre. Kurset høver for deg som har ingen eller noko erfaring og vil lære deg grunnleggande skiteknikk. Kurset vil føregå i Hauglandsheisen som er gratis, men du lyt ha keycard for å passere i heisen. Dette kan du ordne enkelt på våre heimesider.

Even og Reidun er ofte å sjå på ski i slalombakken. Even er tidlegare leiar i skisenteret og har lang trenarerfaring. Han var ein av dei best norske alpinistane på 80-talet. Reidun har også lang trenarerfaring med både vaksne og yngre og har mange gode tips for å få til den gode svingen.

Kurset vil føregå i Haugslandsheisen, denne heisen er gratis men du lyt ha keycard.

Minimum 6 deltkarar og maks 12 delatakarar, så her er det førstemann til mølla.

Pris kr. 500,-

Påmelding på SMS til tlf. 95829171.

Om du ynskjer å leige ski, kan du møte i skiutleigen som er lokalisert nederst i varmestova kl. 10.

View Event →
Snowboardkurs med Mariell
Jan
29
6:30 PM18:30

Snowboardkurs med Mariell

Bli med på snowboardkurs med Mariell fredag 29. januar. Kurset går over to timar og du vil lære grunnleggande teknikk på nybyrjarnivå. Kurset vil føregå i Hauglandsheisen i øvre del av skianlegget. Denne heisen er gratis, men alle lyt ha keycard.

Mariell er snowboarder og fast invetar i Jølster Skisenter. Ho har lang erfraring med kursing og har T1 og T2 trenarutdanning i alpint og har også utdanning i Sitski for funkjsonshemma.

Lyst å lære å stå på snowboard, men manglar utstyr? Då kan vi hjelpe deg. Snowboard kan leigast i skiutleigen i skisenteret.

Påmelding pr. sms til Mariell Gjesdal, tlf.: 99 48 87 72. Maks 10 deltakarar grunna Coid-19 restriksjonar. Deltakaravgift kr. 400,-

View Event →
Nybyrjarkurs over 6 kveldar kun kr. 400,- (gratis heis).
Jan
11
6:00 PM18:00

Nybyrjarkurs over 6 kveldar kun kr. 400,- (gratis heis).

Bli med på nybyrjarkurs for barn i Jølster Skisenter! Jølster Alpin arrangerer intensiv skiskule for nybyrjarar og born med oppstart i januar. Skiskulen går over 6 økter fordelt på mandagar og onsdagar gjennom tre veker. Målet er at borna skal oppnå grunnleggjande ferdigheter i bakken slik at dei føler seg trygge. Det vert fokus på god svingteknikk og balanse gjennom skileik i bakken. Nytt i år er at Jølster Skisenter legg tilrette for aktivitet i barnebakken med gratis inngang. 

Alle som deltek på skiskulen kan fortsetje på treningene til Jølster IL Alpin resten av sesongen dersom dei ynskjer det.

Tidspunkt: Måndag 11/1, Onsdag 13/1, Måndag 18/1, Onsdag 20/1 Måndag 25/1 og Onsdag 27/1.

Alle lyt ha heiskort sjølv om skitrekket er gratis. Dette lagar de ved å registrere seg her. Påmelding til skiskulen kan gjerast her.

View Event →
Dec
14
7:00 PM19:00

Generalforsamling i Jølster Skisenter

Generalforsamling i Jølster Skisenter AS for driftsåret 2019 - 2020

Det vert med dette kalla inn til generalforsamling i Jølster Skisenter, måndag 14.desember 2020 kl.

1900 i varmestova nedst i anlegget.

Sakliste

Registrering

1. Val av møteleiar

2. Godkjenning av innkalling

3. Val av protokollførar

4. Val av representant til å signere møtebok saman med møteleiar

5. Årsrekneskap 2017/18

6. Val til styret

Dagens styre består av:

Knut Arild Flatjord, styreleiar

Eivind Fonn, nestleiar

Thomas Jarning, styremedlem

Leif Arne Åsen, styremedlem

Britt Kari Vasstein, styremedlem

Atle Hamar, styremedlem, (Sunnfjord Kommune)

Stein Arne Sunde, styremedlem (Bjørkelia Hytte/SAS AS)

Nils Ove Åsen, styremedlem (Holtane Hyttegrend)

• Styreleiar er på val kvart år.

• Sunnfjord Kommune skal ha 2 representantar i styret og har kun 1 pr dd. Forslag til medlem

sendes til styreleiar innan 7.desember 2020.

• Ber om at eventuelle framlegg til nye styremedlemmer blir sendt på e-post til styreleiar innan

7.desember 2020

Med venleg helsing

Jølster Skisenter AS

Knut Arild Flatjord

Styreleiar

View Event →