Om Jølster skisenter

J%C3%B8lster-Tindefjellet-1083moh-toppen+2%28TB%29.jpg

Jølster Skisenter tilbyr alpine ski løyper som passar alle. Frå den heilt ferske nybegynnar til den røynde skiløpar som krev utfordringar. Samla lengde preparerte ski løyper er ca. 4000 m.

Gjestane våre kan velge mellom 3 skiheisar. Skitrekka Kvamsheisen og Bjørkeliaheisen, samt barne-/familietrekket Hauglandsheisen.

Som gjest i område kan du nytte deg av bomvegen som tek deg til øvrde del av anlegget og utløyser eit godt startpunkt for langrenn, topp og rundturar. 

I Jølster Skisenter finn du flotte frikøyringsområder, både ovanfor tregrensa og nede i skogen.

I fjella kring Jølster Skisenter finn du mange flotte fjelltoppar og snødekte fjellsider som berre ventar på skispor.

Jølster Skisenter tilbyr også preparerte turløyper over til Gjesdalsdalen, og vi har lysløype for langrenn og 10 - 30 meters hoppbakke, samt skileikanlegg og 2 svært særprega grillstover.

Ved starten av anlegget finn du parkeringsplassar, varmestove med kafe, skiutleige og sanitæranlegg.

Jølster Skisenter ligg midt i Sogn og Fjordane, ca. 3 timar norover frå Bergen langs E 39. Næraste flyplass er 35 minutt unna.

Vårt tilbod

Jølster Skisenter er regionanlegg alpint for Sunnfjord, og etter den siste utbygginga eit av dei større alpinanlegga på nordvestlandet. Vi har eit skitilbod for alle, sjå her:

  • 5 km med preparerte alpine nedfartar og 3 skiheisar

  • Gratis barnetrekk for alle

  • Frikøyrings/laussnøområder

  • Skileikområde/skjerma barneområde

  • (10 og 30 meters hoppbakke)

  • 5 km langrennslysløype

  • 20 km med preparerte turløyper i fjellområde mot Gjesdalsdalen

  • Varmestove med kiosk, kafé og sanitæranlegg

  • Grillstova, ein særprega grillstove oppført i eldre byggjestil, som vert fyrt opp kvar dag og der våre gjestar kan grille sin eigen mat.

  • Ski og brettutleige

  • Maskinsliping og prepping av ski (alpint og langrenn) inkludert stålkanter

  • Skidata elektronisk billettsystem

  • Minibankterminal

  • GRATIS parkering

Skuleskidagar

Jølster Skisenter har lang røynsle med å arrangere skuleskidagar.
Ta kontakt med oss, så gjev vi dykk eit tilbod.

Jølster Skisenter kan hjelpe til med å arrangere aktivitetsdagar for bedrifter der hyggjeleg sosialt samkome kan kombinerast med skiinstruksjon, bedriftsrenn eller kva du måtte ynskje. Varmestove og grillstove er tilgjengeleg !