20. februar - Kvamsbakken og Haugland open frå kl. 1030 - 1600

Vi har framleis snø i Kvamsbakken og Hauglandsområde. Det blir preppa til i morgon og det er svært greit underlag å køyre på .

Yr gir oss eit håp om kuldegrader og lettare vær i morgon, så vi trur at det kan vere ein fin skidag i JS i morgon.

Velkomne til Jølst !

Posted on February 19, 2019 .

19. februar - åpnar kvamsbakken og Haugland frå kl. 1000

Vi har ikkje mykje snø etter ei veke med regn og mildvær. Likevel håpar vi at YR held sin spådom om snø i morgon og vi vil preppe område der vi har kunssnø i øvre del. Super- G’n og Hauglandstraseane blirkøyrbare, men i familiebakken har ikkje nok snøog vil vere sengt. Bjørklia er også stengt.

Billettkontoret er nede i Varmestova og ein må køyre opp til øvre del, bomveg kr. 40.

Det er marginalt av løyper vi kan tilby, men håpar at de kan få ein god oppleving i JS, sjølvom vær og snøforhold ikkje har spelt på lag den siste tida.

Velkomne til Jølst !

Posted on February 18, 2019 .

17. Februar - Stengt

Vi held stengt i morgon og inn til vidare pga vi har mista svært mykje snø dei siste milde dagane.

Vi vil preppe traseane ved første anlegning på minusgrader ogi deretter sikre bakken på nytt med nett, slik at våre gjester vil ha trygg nedfart.

Snøen i terrenget er gjennomvåt og svært ustabil og difor ikkje køyrbart utanom preppa område.

Vi kan berre håpe på kaldare vær og eit nytt snøfall frå oven.

Vi informerer på Nettsida, Fnugg og FB.

Posted on February 16, 2019 .

15. - 16 februar - Stengt i kveld og i morgon

Mildvær og regn har laga problem for oss i traseane og vi held difor stengt i kveld og i morgon . Vi “går over” Kvamsbakken og Hauglands traseane mtp tryggleik, netting og prepping og satsar på å ha ope på søndag.

Velkomne til Jølst !

Posted on February 15, 2019 .

12. februar - Jippi ... det snør i Jølster

Vi preppar Kvamsbakken, Haugland og ein nedfart i Bjørklia. Famliliebakken og Bjørklia er avsett til laussnøkøyrng.

Finn fram skia og test dåkke i ca 15 cm nysnø kl. 1200 i dag

Velkomne til Jølster

Posted on February 12, 2019 .

8. Februar - Kveldskøyring i nysnø

Vi preppar øvre del til kl. 1600. Fått litt nysnø og vi preppar ikkje full breidde slik at ein kan køyre litt laussnøkøyring med godt underlag i traseane.

Vi har prøvd fanga snøen på toppen og i morgon vil vi opne Kvamsheisen til topps.

Velkomne til Jølster !

Posted on February 8, 2019 .

5. februar - Kveldskøyring

Klarvær og minusgrader i JS i dag. Vi har preppa alletrasear utanom Familiebakken. I Familiebakken er det fint å køyre, men for lite snø til å frese opp og preppe ei fin overflate.

Det ser ut til at vi skal fVelkomne til Jølster

Posted on February 5, 2019 .

2 - 3. februar - Faste og fine forhold i traseane

I helga er det tidleg start i JS. Vi har regionrenn for den nye regionen på vestlandet i dag.

Kvamsbakken er difor steng til rennet er over, som startar kl. 900.

Turisten, Haugland, Bjørklia og Tautrekket er som vanleg ope. Vi ber om at våre gjester tar hensyn til markeringar av snøkanonhaugar og plassar med lite snø, som er markert i traseane.

Der er svært lite snø i terrenget utan for dei prepparerte traseane og det som er er svært vindpåvirka, so køyr etter forholda.

Laurdag har JS, i samarbeid med nokre hoppentusiastar, klargjort Bjørkliabakken for ein kombinert hopp/intruksjon/tevling- aktivitet. Det er visavi tautrekket. Stikk innom å ta deg eit hopp.

Velkomne til skihelg i Jølster.

Posted on February 2, 2019 .

1 februar - kveldskøyring

Vinden har løya mykje sidan i går kveld og i dag tidleg . Vi har fresa traseane ekstra sakte slik at det skal vere mjuk overflate å køyre på.

Fredig preppa kl. 1700

Trakkemaskina preppa traseane til løypelaget kl. 1400.

Velkomne til Jølster

Posted on February 1, 2019 .

31. Januar - Kveldskøyring til mellomavstigning - Fine forhold

Vi har produsert kunssnø frå søndag av på dei plassar som har hatt lite snø og stor slitasje. Traseane er fredig preppa til kl. 1600 i dag.

Vær litt OBS første turen i preppa løyper, då det kan vere litt vekslande underlag. Bjørklia bakken er ferdig preppa frå toppen og har no faste og fine forhold heile hovudnedfarten..

Vi er klar med Kvamsheisen til topps, men snøen er so vindpåvirka at vi har ikkje nok snø til å opne heilt opp med ein trygg nedfart.

Velkomne til Jølster !

Posted on January 31, 2019 .

29. januar - Kveldskøyring - Litt nysnø

Vi har fått 8 cm nysnø over 300 m. Vi produserer snø på dei stader som ikkje har tilstrekkeleg med snø og vi ber å køyre etter forholda.

Vi har mål om å ferdiglegge Turisten med kunstsnø ila veka og at vi for ein sikker nedfart frå toppen av Kvamsbakken. Heistraseen er klar.

Vi minner om at Bjørklia er delvis stengt pga snøproduksjon og minner om dei alternative sløyfene er preppa.

Velkomne til Jølster

nedfart.jpg



Posted on January 29, 2019 .

26 - 27. januar Fine forhold i bakkane

Bra med snø i JS. Over skoggrensa er snøen mykje vindpåvirka og Kvamsheisen går til melllomavstigninga.

Bjørklia blir betre og betre ettter kvar prepp. Tautrekket er i sving og mange prøver og øver seg der.

Turløypa i dalen blir teken godt vare på av Løypelaget og forholda er meldt om fine løyper.

Velkomne til Jølster

Posted on January 27, 2019 .

25. januar - Kveldskøyring frå kl.1800 til 2100

JS har løypene ferdig preppa til i kveld. Vi er i nærleiken av å opne Kvamsheisen heilt opp, men i skrivande stund er vi ikkje klare. Avstigning som tidlegare i år.Følg med på FB.

Bjørklia har vekslande forhold i nedfarten. So køyr etter tilhøva !

Tautrekket er i gang for fullt. Bjørkliabakken er preppa av god gjeng med Roald Juklestad i spissen. Den er klar til STORE SVEV for dei som vil prøve seg på det.

YR spår påfyll av nysnø i helga og håpar det slår til …

Velkomne til Jølst !

Posted on January 25, 2019 .

24 januar - Kveldskøyring - nypreppa

Traseane i øvre del er nypreppa og underlaget er mjukt og fint. Bjørklia er og open, men vi legg stadig kunssnø i deler av traseen så ver OBS!. Bruk altrenativ trase som nedfart dersom du køyrer nedre del.

Tautrekket/gratisheisen er montert og vil bli opna frå i kveld.

Velkomne til Jølst.

Posted on January 24, 2019 .

Vi skapar skiglede

Jølster Skisenter skapar trygge rammer for god læring av grunnleggjande skiteknikk. Det er her du legg grunnlaget for topptureventyret i Jølster.

Posted on January 22, 2019 .

20.Januar - Klarvær -faste forhold

Klarvær og kulde etter prepping ila natta. Det betyr faste og fine forhold i bakken.

I Bjørklia blir det framleis produsert kunstsnø og nedfarten er i alternativ trase som er preppa. 

Velkomne til Jølst

Posted on January 20, 2019 .