Sikkerheit

 

Sikkerheit er viktig i eit alpinanlegg. Etter den store utbygginga i Jølster Skisenter kjem fjellet nærmare. Du stig av heisen mot høgre, nærmare 800 meter over havet, og derifrå kan du stå på ski i eit storslått terreng. Skisenteret sitt ansvar  gjeld innanfor merka og prepparerte område. På toppen er hovudnedfarten med avstigning  til høgre. Mot venstre er det sett opp skilt og informasjon om rasfare i område og JS ber om at skilta blir respektert. Ver merksam der du ser raude eller oransje sikringsmatter. Desse er sett opp på særs utsette punkt for å verne deg i tilfelle fall, eller i andre tilfeller der du kan misse kontroll. Det er likevel slik at vi ikkje kan sikre alle utsette punkt langs traseen med matter så alle har eit ansvar for eigen og andre sin tryggleik. 

Her har du 12 reglar for alpine skiløparar og snowboardarar:

  1. Bruk hjelm. I Jølster Skisenter skal alle under 12 år bruke hjelm, men vi ser helst at alle nyttar dette enkle men svært viktige tryggleiksutstyret. Hjelm får du låne gratis i skiutleiga.

  2. Ansvar for å unngå skade. Du må forholda deg slik at du ikkje skader deg sjølv eller andre

  3. Avpass farten etter forholda. Du må køyre kontrollert og avpasse fart og køyrestil etter ferdigheit, terreng, førehold og trafikk

  4. Vikeplikt. Kjem du bakfrå (ovanifrå), har du ansvar for å unngå kollisjon

  5. Forbikøyring/utforkøyring. Det er forbudt å køyre rett utfor, unntatt under organisert trening. Køyrer du forbi ein annen skiløpar/snowboarder, må du gi vedkommande tilstrekkelig plass for så vel kontrollerte som ukontrollerte bevegelsar

  6. Starte, køyre inn i eller svinge oppover i nedfarten. Køyrer du inn i eller svingar oppover i ein nedfart, må du påsjå at dette skjer utan fare for deg sjølv eller andre. Det same gjeld for kjøring etter stans

  7. Stopp i nedfart. Stopp ikkje opp eller sitt på tronge eller uoversiktlige steder

  8. Til fots i nedfart. Er du til fots, må du kun benytte ytterkantane av bakken

  9. Skistoppere/ Fangremmer er påbudt. Kontroller at bindingane er riktig innstilt

  10. Bukseselar skal enten vere nedi buksa eller over skuldrane

  11. Respekter skilt. Følg skilting, merking og anvisninger.  

  12. Hjelp til ved ulykker. Ved skader har einkvar plikt til å hjelpe. Vitne og medverkande pliktar å gje opp personalia til vakter i Jølster Skisenter.

  13. Meld frå. Dersom du oppdagar ei ulukke eller skade av personar i anlegget, meld frå til Hovudvakt  eller skipatrulje.

varsom.no kan du lese om snøskredfaren i vårt område: