Back to All Events

Grunnkurs i alpint for damer

  • Jølster Skisenter AS Bjørkelia Vassenden, Vestland, 6847 Norway (map)

Søndag er sjølvaste morsdagen og i det høve vil Even Hole og Reidun Bergheim arrangere grunnkurs for damer og mødre. Kurset høver for deg som har ingen eller noko erfaring og vil lære deg grunnleggande skiteknikk. Kurset vil føregå i Hauglandsheisen som er gratis, men du lyt ha keycard for å passere i heisen. Dette kan du ordne enkelt på våre heimesider.

Even og Reidun er ofte å sjå på ski i slalombakken. Even er tidlegare leiar i skisenteret og har lang trenarerfaring. Han var ein av dei best norske alpinistane på 80-talet. Reidun har også lang trenarerfaring med både vaksne og yngre og har mange gode tips for å få til den gode svingen.

Kurset vil føregå i Haugslandsheisen, denne heisen er gratis men du lyt ha keycard.

Minimum 6 deltkarar og maks 12 delatakarar, så her er det førstemann til mølla.

Pris kr. 500,-

Påmelding på SMS til tlf. 95829171.

Om du ynskjer å leige ski, kan du møte i skiutleigen som er lokalisert nederst i varmestova kl. 10.

Earlier Event: January 29
Snowboardkurs med Mariell
Later Event: February 26
FIS 2021