Dugnad i Jølster Skisenter

Laurdagar ut over hausten, vil det bli råd å ta seg nokre dugnadsøkter i Jølster Skisenter.
Vi begynner så smått laurdag 1 september kl. 09.00.

Det er ymse arbeid som skal gjerast for å finslipe anlegget til ein ny flott vinter. Aktuelle dugnadsprosjekt er:

  • rydding av skog og kratt i frikøyringsområda og langs heistrase i Gamlebakken
  • setje opp nye gjerde og rep. av gamle
  • siste finpuss av trakkemaskingarasje
  • diverse smårep. av snøproduksjonsanlegg
  • diverse smårep av bygningar

Dei som ønskjer å rydde skog å kratt må stille med sag- og trykkleiksutstyr. Jølster Skisenter stiller med drivstoff.

Nokre av desse oppgåvene kan gjerast på andre tidspunkt enn laurdagar. så om noko av dette skulle interesere er det berre å ta kontakt med Stig.

Gasta Design