God framdrift for Gjesdal Turløype

Det er god drift på bygging av Gjesdal Turløype og vi gler oss til å ta anlegget i bruk til vinteren.

Bru over Ytsteelva
Ein del av prosjektet med Gjesdal Turløyper er Gamlestøylsbrua. Dette er den største brua i Gjesdalsdalen med eit spenn på 8 meter og breidde på 7,5 meter. Brua går over elva som renn ut frå Bakkevatnet og er no ferdig støpt. Det var ein spanande periode for entrepenør Ivar A. Sunde, med stor vassføring i elva. Det gjekk heldigvis bra og no ser vi fram til trygg kryssing av elva uansett vær.



Skilt
Eit sideprosjekt av løypebygginga er god skilting. Ein har som mål å ha godt forklarande skilt av god kvalitet og med fokus på estetikk. I prosjektet har vi no kome fram til ein standard som vil vere gjennomgåande på alle skilt i tilknytning til Gjesdal turløyper.



Turløypa
Lenger inne i Gjesdalsdalen pågår bygging av sjølve skiløypa for fullt. Egil Tefre driv i desse dagar i området kring Bakkevatnet. Her er det mange elvar som der er viktig å få kontroll på. Etter framdriftsplanen skal løypa frå Finneskotsgrova og fram til vegen vere klar i løpet av dene veka og då vert det oppstart frå Gamlestøylsbrua.
Vatnet må fram og dette vert løyst på ulikt vis.



Ny bru ved grusbana
Brua rett ut frå grusbana i Jølster Skisenter har fått fleire harde slag dei siste åra og var no heilt klar for fornying. Som eit sideprosjekt til Gjesdal Turløyper har ein makta å få gjort noko her også. Gjennom tilskotsmidlar, naturskadefond, sponsorar og ein velvillig entrepenør kan vi no gå vinteren i møte med ei ny flot og solid betongbru også her. Brukara er ferdig oppmurte og ein reknar med at forskalinga tek til denne veka.



Gasta Design