Toppturkurs - Alpint

Toppturkurs - Alpint

Kurs- og Fjellsport, Sogn og Fjordane Turlag, arrangerer toppturkurs-alpint i Bjørkelia 5.-6. februar. Kursleiar er alpinist Even Hole og kurset er i samarbeid med Jølster skisenter i Bjørkelia.

Frammøte fredag 5.02 kl. 16.55. Registrering heiskort m.m. Instruksjon i utstyr: Hjelm, ski, binding, sko, ryggsekk og klede. Bakkekøyring og informasjon/ trening på grunnleggjande alpin skiteknikk.

Laurdag 6. februar kl. 10.00. Frikjøring med instruksjon. Fokus på parallellsving, Carving, balanse og tyngdeoverføring, terrengval og val av underlag. 
Kl. 13.00  Opplæring i ytreskibelastning og alpin risiko og utfordringar. 

Kursavgift medlem DNT kr. 1500 og ikkje medlem kr. 1700.

Meld deg på til: sogturla@online.no med namn, adresse, mob. nummer og år fødd.

Link til Sogn og Fjordane Turlag

Posted on December 10, 2015 .