Velkommen til kveldskøyring torsdag og fredag! ⛷️🏂
Velkommen til kveldskøyring frå kl 18-21! 😃
Trassear opne:
✔️Kvamsbakken
✔️Familiebakken
✔️Hauglandsbakken
Status for torsdag kveld er minus 2 grader, opplett og noko vind. Løypene vert preparerte før opning, så det vert bra forhold til kvelden! ⛷️
☕️Vi har kafé med enkel servering av vaflar og diverse i øvre del ved Hauglandsheisen.
🔥Vi fyrer opp i bålpannene, så ta gjerne med pølser til grilling! 🌭
🎿Skibua hjelp deg gjerne med skiutstyr!
💳Vi oppmodar alle å fylle på ceycardet ditt på nett, då kan du gå rett i bakken!
🅿️Vi har gratis parkering og du kan velje mellom tre ulike parkeringsplassar oppe ved Støylen. Når du køyrer opp til øvre parkering, minner vi om å registrere skiltnummeret på på www.youpark.no. Betal innan 48 timar.
⏰opningstider frå 18-21
Besøk oss gjerne på www.jolsterskisenter.no for meir informasjon!
Velkommen til ein flott kveld i bakken! 😃⛷️🏂
PS! Vi gjer merksam på at det er litt tynt med snø enkelte stader av trasseane etter mykje vind siste dagane. Vi startar opp att med ny omgang med snøproduksjon i øvre del torsdag kveld etter stengetid, og etterkvart i nederste del av anlegget når kulden kjem tilbake.