Nyheit! 📣Vi opnar Bjørkelibakken!
Endeleg kan vi meddele at vi opnar Bjørkelibakken for første gong denne sesongen! 🥳⛷️ Det betyr at du får større plass å boltre deg på og så slepp du å køyre bomvegen opp til Støylen.
Dette betyr at vi får mykje betre parkeringskapasitet, og vi får ta i bruk også den nederste varmestova som det er eit stort behov for no i kulden.
Vi har jobba natt og dag med snøproduksjon siste veka. I tillegg til å produsert snø i Bjørkelibakken, har vi reparert mesteparten av dei isete partia i Familiebakken.
Vi kan dermed skryte litt og seie at vi har fine forhold i heile bakken! 😇
Status torsdag: klarvér, kaldt og vindstille. 😃
Trassear opne:
✔️Kvamsbakken frå avstigning til Familiebakken.
✔️Familiebakken
✔️Hauglandsbakken
✔️Bjørkelibakken
☕️Vi har kafé med enkel servering av vaflar og diverse i øvre del ved Hauglandsheisen. Og vi har varmestove med sal av kaffi og sjokolade. Ta gjerne med nista di🥪.
🔥Vi fyrer opp i bålpannene, så ta gjerne med pølser til grilling! 🌭
🎿Skibua hjelp deg gjerne med skiutstyr! Treng du preparering, kan du henvende deg her.
💳Vi oppmodar alle å fylle på keycardet sitt på nett, då kan du gå rett i bakken!
🅿️ Parkering i skianlegget er gratis. Men ver merksam på at det er avgift på bomvegen opp til øvre parkering som må registrerast og betalast på youpark.no
https://www.youpark.no/dashboard/payment
⏰opningstider frå 18-21
Besøk oss gjerne på www.jolsterskisenter.no for meir informasjon!
Velkommen til ein flott kveld i bakken! 😃⛷️🏂