Vi opnar igjen laurdag 28.3.! ⛷️⛷️
🥳Jippi! Vi har fått påfyll med snø og opnar øvre del av skisenteret laurdag og søndag!
🌨️Snøforholda i Bjørkelia i dag: Det har kome eit godt snøfall i øvre del dei siste dagane (og 10-15 cm i natt), og vi er glade for å kunne opne anlegget heilt til topps! 🚡✨
Vi let noko av snøen ligge urørt i øvste bakken til leik for dei som likar best villsnø! Men ver litt obs i heilt øvste del der det kan vere parti med litt lite snø.
Bjørkelibakken vert likevel open i dag, etter litt dosing av snø i heistraseen. Ver merksam på at her er det litt bløtt og tynt med snø. Det betyr at ein kan parkere ved nederste parkeringa.
Trassear opne:
✔️Bjørkelibakken
✔️Kvamsbakken
✔️Familiebakken
✔️Hauglandsbakken
🐇 Påskeharen er observert i området, og det ryktast at han har gøymt påskeegg i bakken! 🐣
☕️Vi har kafé med enkel servering av vaflar og diverse i øvre del ved Hauglandsheisen.
🔥Vi fyrer opp i bålpannene, så ta gjerne med pølser til grilling! 🌭
🎿Skibua hjelp deg gjerne med skiutstyr!
💳Vi oppmodar alle å fylle på ceycardet ditt på nett, då kan du gå rett i bakken!
🅿️ Parkering i skianlegget er gratis. Men ver merksam på at det er avgift på bomvegen opp til øvre parkering ved Støylen som må registrerast og betalast på youpark.no
https://www.youpark.no/dashboard/payment
I øvre del av skianlegget kan du velje mellom tre ulike parkeringsplassar oppe ved Støylen.
⏰opningstider frå 10.30 - 16.30
Du kan kjøpe billettar på www.jolsterskisenter.no
Velkommen til ein flott dag i bakken! 😃⛷️🏂