Takk for ein flott skisesong! ⛷️

Kjære skigjestar!

No vårast det, og vi har beslutta å stenge for sesongen! Vi ynskjer å takke for besøket i løpet av sesongen i Jølster skisenter. Det har vore ei glede å sjå små og store kose seg i bakken, og vi håpar de har hatt gode skiopplevingar med familie og vener.

Vi vil også takke for ei flott påske, der vi fekk overraskande mengder med snø og kunne halde ope. Dette gjorde at mange fekk skipåska som ein ynskja seg, og vi set stor pris på at så mange kom for å være med på moroa. 🙌

Ei spesiell takk går til alle dei 90 eldsjelen våre, som har gjort ein uvurderleg jobb på dugnad. Utan dykk hadde dette ikkje vore mogeleg! 💙

Vi ser fram til å sjå dykk igjen til neste sesong. Ha ein god vår!

Vennleg helsing

Alle oss i Jølster skisenter

Foto: Ståle Fossheim

Britt Kari Vasstein