Satsing på snøproduksjon i Jølster Skisenter.

Vinteren og kuldegradene kom brått på besøk og snøproduksjonsgjengen er i full drift med å lage snø i desse dagar.

Dei siste to åra har vi lagt ned mykje arbeid i snøproduksjonsanlegget, og dermed auka kapasiteten på snøproduksjonen. Med stor eigeninnsats, og god støtte frå frivillige, Sparebankstiftinga, Sparebanken Vest og Jølster Kraftfond har vi lukkast å få på plass nytt vassreservoar. Vi har nær dobla kapasiteten og vi kan hente mykje meir vatn enn tidlegare. Dammen ligg høgt slik at vi dreg nytte av naturleg trykk når vi produserer snø. Dette er miljømessig og energimessig ein vinn-vinn situasjon. I tillegg har vi kjøpt inn i fleire snøproduksjonstårn slik at vi får nytta tidsvinduet med kulde, og kan soleis sikre solen vi treng før natursnøen kjem.

Nytt at året er ny energieffektiv fortrykkspumpe til snøproduksjonsanlegget vårt. Denne er ein sentral del av systemet som leverer vatn under trykk til snøkanonene og sørger for magien som skal til for at vatn blir til snø.

Prosjektet har kosta millionar og har vore ei viktig oppgradering for skisenterenteret av omsyn til vér og klimaendringar. Oppgraderingsprosjektet på snøproduksjonsanlegget er dermed ferdigstilt i denne omgang.

I haust har vi også fått hjelp av Digernes Maskin til beitepuss i trasseane våre, ein viktig jobb som gjer at det krevst mindre kunstsnø/snø for å kunne lage gode løyper. Vi har også fått god hjelp av Maskinentrepenør Magnus Kjøsnes som har laga drenering i trasseane.

Snøen har lagt seg i Jølster Skisenter, og vi er godt igang med å preparere for å fange natursnøen som har lagt seg. Snøproduksjonen går for fullt og vi vil fortsette å lage snø så lenge vi har minusgrader.

Vi gler oss til vinteren og håpar det blir ein lang og fin vinter med mykje snø! ❄️

Foto: Firda Avis

Foto: Firda Avis

Foto: Firda Avis

Foto: Firda Avis

Britt Kari Vasstein