Prøveopning i Hauglandsheisen laurdag 28.11⛷️🏂

Vi har gleda av å invitere til prøveopning i Hauglandsheisen laurdag 28.11. frå kl 10.30-15.00!

Hauglandsheisen er heisen ved kafeen oppe på Støylen, og er gratis for alle uansett alder! Og du treng ikkje keycard her🫶

Vi har ope i kiosk og skiutleige, og vi lagar løype og minihopp, og vi lovar god stemning i skibakken! ⛷️☃️🏂

Vi jobbar framleis med snøproduksjonen i resten av bakken, så vi er ikkje heilt klare til å opne Kvamsheisen og Bjørkeliheisen. Vi er nesten i mål med snøproduksjon i øvre del, men vi må avvente mildveret som kjem i neste veke før vi kan gje ein dato for opning.

OBS❗️ Det vil kun vere ope denne laurdagen. Vi kjem attende med dato for opning av anlegget så snart vi kan.

Hjå oss kan du parkere gratis, men vi minner om at det er bomveg opp til øvre parkering. Les meir på www.youpark.no

Vel møtt til små og store!

Britt Kari Vasstein