Påfyll av 🌨️🌨️🌨️ og ope laurdag og søndag

Endelig påfyll av snø! Finn fram skia og reis i bakken! 😃🏂 ⛷️

🌨️🏔️ Snøforholda i Jølster skisenter laurdag: Det har kome eit godt snøfall i øvre del 40 cm i går og 5 cm i natt), og vi er glade for å kunne opne anlegget heilt til topps! 🚡✨

Men ver merksam – snøen er framleis litt tynn heilt øvst, så ta omsyn til forholda. Vi let noko av snøen ligge urørt i trasseane til leik for dei som likar best villsnø!

I nederste del av anlegget har nedbøren vekselsvis komt som regn og snø, så det kan vere litt bløtt. 🌧️

❄️Status kl 09: Ei grad og ein liten trekk på Støylen. Det meldast om snø i øvre del og litt regn i nederste del, og litt trekk på toppen.

🏂Trassear opne:

✔️Kvamsbakken

✔️Familiebakken

✔️Hauglandsbakken

✔️Bjørkelibakken

☕️Vi har kafé med enkel servering av vaflar og diverse i øvre del ved Hauglandsheisen.

Vi har varmestove i nedre del der du kan kjøpe sjokolade og diverse, og ta gjerne med nista di🥪

🔥Vi fyrer opp i bålpannene, så ta gjerne med pølser til grilling! 🌭

🎿Skibua hjelp deg gjerne med skiutstyr!

💳Vi oppmodar alle å fylle på ceycardet ditt på nett, då kan du gå rett i bakken!

🅿️ Parkering i skianlegget er gratis. Men ver merksam på at det er avgift på bomvegen opp til øvre parkering ved Støylen som må registrerast og betalast på youpark.no

https://www.youpark.no/dashboard/payment

I øvre del av skianlegget kan du velje mellom tre ulike parkeringsplassar oppe ved Støylen.

⏰opningstider frå 10.30 - 16.30

Du kan kjøpe billettar på www.jolsterskisenter.no

Velkommen til ei flott helg i bakken! 😃⛷️🏂

Britt Kari Vasstein