Opningstider i jula 2023

Endelig ei skikkelig kvit jul! 🎄 I tida før jul og i romjula har vi fått masse deilig snø. Det betyr gode skiforhold både i og utanfor løypene. Alle trassear er opne, frå bunn til topps. Vi har ope i Bjørkeliheisen, Kvamsheisen og Hauglandsheisen.

Vi minner om at slike snømengder vi har fått siste dagane byr på utfordringa med stor rasfare. Vi opplever også at mange sliter med å komme seg laus om dei mista kontroll ved skogskøyring.

Vi oppmoda til å ikkje køyre aleine om de forlet merka løyper og legg inn tlf.nr. til vår vaktelefon: 90034456 som de kan ringe ved problem👍

I kafeen kan du kjøpe vaflar, kakako og andre godsaker. ☕️

Skibua hjelp deg gjerne med utstyr om du manglar. Vi tek også imot ski for lett preparering. 🎿

Vi oppmodar alle om å bruke hjelm når de kjører på ski! Vi har gratis utlån av hjelm i Skibua. 👷‍♂️

Følg oss på våre sosiale mediekanalar for dagsferske foto og informasjon. 📱

Med ynskje om ei fortsatt god jul, og eit fantastisk nytt år fylt med ei solid dose skiglede! 🎄💫⛷️

Britt Kari Vasstein