Kvamsfjellet Ned og Mini Kvamsfjellet Ned 2024

Kvamsfjellet Ned

Palmesøndag 24. mars kan du bli med på vårens vakraste og villaste eventyr! Vi arrangerer klassikaren Kvamsfjellet Ned og Mini Kvamsfjellet Ned, med start frå toppen av Kvamsfjellet og heilt ned til botnen av bakken. For dei yngre blir det start frå øvst i skibakken. Renna har open klasse, det vil seie at du kan velje utstyr; alpint, telemark, rando, snowboard eller fjellski.

I år som i fjor, vert det preparert løype frå startpunktet på Kvamsfjellet. Du får skyss opp til toppen frå avstigninga ved Kvamsheisen. Det vert premiering til dame og herreklasse for begge løpa. Premiering skjer i målområdet rett etter fullført renn.

Det vert fellesstart for kvinner og menn, dersom stor påmelding vert det vurdert start kvar for seg.


Mini Kvamsfjellet Ned

Aldersgrense 8 år.

Start kl. 16.30 (oppmøte kl. 16.00) ved avstigning Kvamsheisen

Dette rennet har fellesstart med portar frå start til bunn av bakken. Det vert premiering av beste jente og beste gut.

Premiering til både jente og guteklasse.

  1. premie. Sesongkort Jølster Skisenter 2025 (verdi kr. 2500,-)

  2. premie: Skibriller Shades of Norway (verdi kr. 1600,-)

  3. premie: Skibrille Shades Of Norway (verdi kr 750,-)

Det vert i tillegg delt ut trekkepremie på startnummer 😊

Startkontigent kr 150,-


NB! Alle deltakarar lyt ha skriftleg signatur frå føresette på godkjenning til deltaking.


Kvamsfjellet Ned

Aldersgrense 14 år.

Start Kl. 16.45 frå toppen av Kvamsfjellet. Oppmøte kl. 16.00 ved avstigning Kvamsheisen.

Dette rennet har fellesstart frå toppen av Kvamsfjellet. Du får transport frå avstigninga til Kvamsheisen til topps.

Premiering til både herreklasse og dameklasse.

  1. premie: Sesongkort Jølster Skisenter 2025 (verdi: kr. 3400,-)

  2. premie: Gåvekort Erdal Sport kr. 2000,-

  3. premie: Gåvekort Erdal Sport kr. 1000,-

Det vert i tillegg delt ut trekkepremie på startnummer.

Startkontigent kr. 300,-

NB! Alle deltakarar under 18 år lyt ha skriftleg signatur frå føresette på godkjenning til deltaking.

Foto/redigering: Øyvind Kjos

Påmelding: post@jolsterskisenter.no eller ved oppmøte i varmestova nederst i skisenteret frå kl. 13.30-15.00.

Ps! Kle dykk godt, det kan bli kaldt på start. Vi bistår med transport av kle frå start til målgang.

Dette blir moro! Vel møtt!

Vi tek forbehold om at endringar kan førekomme.

Vi stenger heisane kl. 16.00 denne dagen.

Britt Kari Vasstein