Enivest bidreg til auka tryggleik i Jølster Skisenter!

Bruk av hjelm reduserer eller forhindrar mange hovudskadar i skibakken, og vi i Jølster Skisenter oppmodar alle om å bruke hjelm når du skal i skibakken. Det er difor gledelig å sjå at hjelmen for dei aller fleste er like sjølvsagt som ski når de pakkar utstyret i bilen.

Enivest har gjennom fleire år vore ein av to hovudsponsorar i Jølster Skisenter. I tillegg til å bidra økonomisk og med ulike prosjekt, har vi fått flotte og gode hjelmar som du kan låne heilt gratis når du besøker oss.

Om du har gløymt hjelmen heime, kan du henvende deg i Skibua som alltid er open når bakken er open, og låne deg ein flott skihjelm heilt gratis!

Tusen takk for Enivest sitt gode engasjement for sikkerheit og komfort i løypene slik at gjestene våre får ein trygg og morosam dag på ski!






Britt Kari Vasstein