Driftsmelding Hauglandsheis

Tysdag 14. februar

Hauglandsheisen vår er friskmeldt! 👏⛷️Og på torsdag er vi klare til å ta imot små og store skiglade gjester!

Hauglandsheisen er eit gratistilbod for alle i Jølster Skisenter! Tusenvis av born og vaksne har lært seg i stå på ski i denne heisen⛷️🏂.

Lurer du på kva navnet på heisen kjem frå? Då kan du lese kvifor her:

Trond Haugland var ein flittig gjest i skianlegget gjennom oppveksten, og då han miste livet i ung alder i 2012 ville familien gje minnegåva etter Trond til Jølster Skisenter. Pengane frå familien vart brukt til finansiering av Hauglandsheisen. Heisen fekk difor navnet Hauglandsheisen, og fekk også ein minneplakett som står plassert like ved heisen på Støylen. Hauglandsheisen har gjeve tusenvis med timar med skiglede til små og store frå nær og fjern💙

Her kan du lese saka i nrk frå 2015

https://www.nrk.no/vestland/slik-minnast-dei-trafikkofferet-trond-_27_-1.12287055

Vi ynskjer velkommen på ski torsdag 18-21! 😃

(Torsdag 8. februar

Vi har tekniske problem med Hauglandsheisen, og lyt difor halde denne heisen stengt inntil vidare.

Vi jobbar med saken og ventar på deler frå Sverige. Vi håpar på å vere i drift igjen iløpet av neste veke.

Resten av anlegget eri full drift og vi har flotte forhold i heile anleggget!

Velkommen i bakken! 😃⛷️🏂)

Britt Kari Vasstein