Det er ikkje kult å kjøre sikk-sakk i heisen!

Mange vert frista til å kjøre slalåm eller sikk-sakk på vegen opp i heisen. Ein del dreg seg så langt mot den eine sida at wiren vert dregen ut av sporet. Om dette skjer, medfører det ein lengre driftsstans i heisen. I verste fall kan wiren eller medbringaren spore av og treffe passasjeren som står under med stor kraft. Heiswiren er eit tungt ståltau som kan gjere stor skade om det treff nokon.

Ved passering på feil side av skilt eller heismaster, kan ein risikere å bli dratt oppover stolpen. Det er store krefter i sving, og det er stor fare for å komme til skade ved slik framferd.

Det er difor ikkje berre dumt, men også farleg med sikk sakk kjøring i heisen.

Diverre ser vi at mange vel å trasse skilting i bakken. Dei fleste er ikkje bevisst ulempene og farene dette medfører, så prat med barnet ditt og forklar kvifor ein køyrer rett fram i heisen.

Dei som triksar eller køyrer sikk-sakk i heisen, risikerer å bli fratatt heiskortet eller bli bortvist.

Om du ser nokon som driv med rampestrekar i heisen, så gje gjerne beskjed til den det måtte gjelde eller til hovudvakta.

Vi ynskjer dykk ein trygg og god heistur! 🤗⛷️🏂

Britt Kari Vasstein