Vårt tilbod


IMG_1249.JPG
 

Jølster Skisenter er regionanlegg alpint for Sunnfjord, og etter den siste utbygginga eit av dei større alpinanlegga på nordvestlandet. Vi har eit skitilbod for alle, sjå her:

  • 5 km med preparerte alpine nedfartar og 4 skiheisar
  • Gratis tautrekk for alle
  • Frikøyrings/laussnøområder
  • Skileikområde/skjerma barneområde
  • 10 og 30 meters hoppbakke
  • 5 km langrennslysløype
  • 20 km med preparerte turløyper i fjellområde mot Gjesdalsdalen
  • Varmestove med kiosk, kafé og sanitæranlegg
  • Grillstova, ein særprega grillstove oppført i eldre byggjestil, som vert fyrt opp kvar dag og der våre gjestar kan grille sin eigen mat.
  • Ski og brettutleige
  • Maskinsliping og prepping av ski (alpint og langrenn) inkludert stålkanter
  • Skidata elektronisk billettsystem
  • Minibankterminal
  • GRATIS parkering

Skuleskidagar:
Jølster Skisenter har lang røynsle med å arrangere skuleskidagar.
Ta kontakt med oss, så gjev vi dykk eit tilbod.

Jølster Skisenter kan hjelpe til med å arrangere aktivitetsdagar for bedrifter der hyggjeleg sosialt samkome kan kombinerast med skiinstruksjon, bedriftsrenn eller kva du måtte ynskje. Varmestove og grillstove er tilgjengeleg !

Samarbeidspartnarar