Firda Skiskule

skiskule.jpg

Årets alpinsesong er snart i gang, og Jølster Alpin i samarbeid med Jølster Skisenter tilbyr trening til alle nivå. Våre erfarne skiinstruktørar vil gjere vårt aller beste for at du skal få ei god skioppleving!

Treningane er delt opp i 4 forskjellige grupper ut frå alder og ferdigheit. Fødselsåra nedanfor er rettleiande for Gruppe A og B, men er faste for Skiskulen og Gruppe C. Det er avgrensa plassar i alle grupper. Påmelding er nedst på sida.
Nytt av året er at dei som går på Skiskule kan fortsette på Gruppe A, og at ein kan vere med både i Gruppe B og Gruppe C. 

OBS1: Du skal motta ein bekreftelse på epost etter påmelding. Dersom du ikkje får denne, ta kontakt!
OBS2: Vidare informasjon vil kun bli gitt på Facebook gruppa Firdaskiskule 2016. Meld deg inn!

 

  • Skiskule                
    • Aldersgruppe 2011 til 2007. (fast nedre og øvre aldersgrense)
    • Skiskulen vil ha trening laurdag 9. og søndag 10. januar (kun ei helg)
    • Det vert delt opp i to grupper.
      • Gruppe 1 vil ha treningstid kl 11:00 - 12:30
      • Gruppe 2 vil ha treningstid kl 13:00 til 14:30
      • Informasjon om gruppefordeling vil bli gitt etter at påmeldingsfristen er gått ut.
    • Skiskulen høver for deg som ikkje har stått på ski før, eller har stått litt på ski. Grunnleggande skiteknikk med fokus på skitryggleik og moro!
    • Går føre seg i barneheisen ved mellomstasjonen, (Hauglandsheisen), eller i Uglumsheisen, ved varmestova. 
      • Barn som er i skulealder må kjøpe heiskort.
    • Nytt av året er at dei som går på Skiskule kan fortsette på Gruppe A. Du får valg om dette i påmeldinga. (OBS du må velje Skiskule når du melder på, så får du opp val om Gruppe A etterpå)
    • NB: Dersom ein vil fortsette i Gruppe A, så vær merksam på at barn i denne gruppa må kunne køyre heis, og klare seg sjølv i bakken (starte, køyre og stoppe) utan hjelp frå trenar. Eventuelt at ein har med ein ansvarleg vaksen som hjelper dei med dette.        

         

  • GruppeA - liten heis   
    • Aldersgruppe 2010-2007 (rettleiande)
    • Tidspunkt: tysdag eller torsdag kl 18:30 til 19:30. Du vel dag i påmeldinga. Oppstart 5. og 7. januar og held fram til månadsskiftet mars/april.
    • Gruppe A høver for dei som har stått litt på ski frå før.
    • Treningane vil vektlegge varierte aktivitetar i og rundt traseen, med fokus på skiglede.
    • Barn som er i skulealder må kjøpe heiskort.
    • Føregår i Hauglandsheisen (ved mellomstasjonen).
    • I denne gruppa må barna kunne køyre heis, og klare seg sjølv i bakken (starte, køyre og stoppe) utan hjelp frå trenar. Eventuelt at ein har med ein ansvarleg vaksen som hjelper dei med dette.          

                  

  • GruppeB - stor heis       
    • Aldersgruppe 2009-2004. (rettleiande)
    • Tidspunkt: tysdag eller torsdag frå kl 18:30 til ca 19:45. Du vel dag i påmeldinga.  Oppstart 5. og7.  januar og held fram til månadsskiftet mars/april. 
    • Gruppe B høver for dei meir erfarne som meistrar å følgje stor heis.
    • Treningane vil vektlegge varierte aktivitetar i og rundt traseen, med fokus på skiglede.
    • Barn som er i skulealder må kjøpe heiskort.
    • Føregår i Familietraseen (stor bakke).     
    • Dersom ein greier å køyre stor bakke, men må ha hjelp til heisen, er dette greitt så lenge ansvarleg voksen tar ansvar for heiskøyringa.    
    • NB: Barn fødd i 2008 eller eldre, kan utan ekstra kostnad delta på Gruppe C. Du får opp valg om dette i påmeldinga. Les meir om gruppe C nedanfor. 

              

  • Gruppe C - Alpin trening   
    • Aldersgruppe 2008 og eldre. (fast nedre aldersgrense)
    • Treningstid:  måndag og torsdag kl 17:45 – 20:00. Oppstart 4. januar og held fram så lenge det er snø.
    • Denne gruppa er for dei som vil trene med sikte på å konkurrere i alpint.
    • Treningane vil fokusere på Storslalåm, SuperG og Slalåm. Hovudsakleg i Kvamsbakken, men av og til i Bjørkelibakken (nedste bakken)
    • NB: Ein kan melde seg på både til Gruppe B og Gruppe C utan ekstra kostnad (sjå info om dette under Gruppe B). Ein må då melde seg på via Gruppe B, der ein får valg om å også melde seg på Gruppe C.

 

Påmeldingsfrist 31.12.2015. Dersom det er fullt, så send ein epost til skiskule@yahoo.no dersom du vil stå på venteliste.

Prisar:
Skiskule                          500,-
Skiskule + Gruppe A       800,-
Gruppe A, B, B+C og C     700.


Vi tek atterhald om snøtilhøve/forhold.    

Innmelding i ditt lokale idrettslag: Alle som deltek i organisert aktivitet lyt vere medlem i eit idrettslag. Ein vil då automatisk vere forsikra via NIF si barneidrettsforsikring som gjeld både for alpint, fotball eller andre organiserte idrettar. Meld deg inn her: Jølster IL.

Dersom du er over 13 år og køyrer aktivt på ski, lyt du teikne skilisens for å få forsikring og for å kunne stille til start ved skirenn. Meir informasjon finn du her: Skiforbundet .

Har du spørsmål, ta kontakt med Ørjan Smaadal: 913 33 011, eller send epost til skiskule@yahoo.no

Vennleg helsing Jølster IL Alpin og Jølster Skisenter

Meld deg på her

 

Samarbeidspartnarar