16 - 17. mars. JS er ope i øvre del

JS er ope i øvre del. Kl. 700 snør det tett og vi preppar turisttraseen og Hauglandsheisen i morgontimane.

Kvamsbakken var perfekt på kveldskøyringa i går og blir ikkje preppa før opning.

Vi er glad for all påfyll av snø i traseane og vi vil prøve å lage gode forhold sjølv om været er svært vekslande.

Velkomne til Jølster.

Posted on March 16, 2019 .

15.mars - Kveldsope

Kvams og Hauglsheisen går til vanleg tid. Mild og fine forhold i traseane.

Vi har ope laurdag og søndag også .

Velkomne til snø i JS

Posted on March 15, 2019 .

14. mars - Kveldsope i øvre del

Kvams- og Hauglandsheisen er ope frå kl. 1800.

JS har svært godt underlag der som det er trakka og det vil vere supert å køyre på ski i kveld. Sjølv om vi har fått noko nysnø frå ca. 300 moh er det ikkje køyrbart utanom det som er prepparert.

Traseane blir ferdig preppa til opning kl. 1800.

Velkomne til Jølst !

Posted on March 14, 2019 .

12. mars kl. 1230 - JS stengt i kveld pga sterk vind

Sterk vind og endå sterkarer slagvind gjer til at vi ikkje kan ha ope i kveld.

YR spår løying av vinden utover i veka og på torsdags kveld er vi klare til å ha ope til vanleg tid.

Følg med på våre plattformer for oppdatert informasjon.

Posted on March 12, 2019 .

12. mars - Kveldsope i øvre del

Etter ei tid med kulde og litt påfyll av natursnø, er skiforholda i traseane i JS blitt betre. Vi held vanlege opningstider frå tysdag 12. mars og framover og så lenge VÆR, VIND og SNØ varer.

Følg med på Fnugg og nettsida, samt FB for dagleg oppdatering og tilhøva i JS.

Velkomne til JØLST !

Posted on March 11, 2019 .

9 - 10. mars - Ope i øvre del

I helga blir Kvansheisen og Hauglandsheisen open. Hovudtraseen i Kvamsbakken er arena for JR.NM og er forbehold deltakarar i rennet.

Familebakken og Haugland er ope for alle.

Det snøar framleis bra over 400 moh og det betyr at JS kan vi seie at vi har brukbart med snø.

Familiebakken er trakka sidan onsdag og det blir betre og betre for kvar prepp.

Bjørliabakken er stengt pga ikkje nok snø i heistraseen.

Billettkontoret er ope til vanleg tid. Elles kanein kjøpe kort på nettet.

Minner om at ein må køyre med bil opp til ørve parkering.

Bomveg kr. 40,-

Posted on March 7, 2019 .

6. mars - Hei folkens

Etter ein kjedeleg varmeperiode og nedbør som regn, har vi fått litt nysnø og produsert litt kunstsnø nattestid. Det betyr at vi har eit håp om å opne øvre del,Turisttraseen, til komande helg.

JS har norgesmeisterskap og Fis-renn i helga og det vil gå føre seg i Kvamsbakken.

Deler av Kvamsbakken har hatt greit med snø som nedfart for aktive alpinistar, men for mykje is til å vere triveleg for våre gjester.

Nysnøen har skapt håp og YR spår om meir natursnø.

Nettsida, Fnugg og FB vil bli dagleg oppdatert framover til helga.

Posted on March 6, 2019 .

25. februar - Stengt inn til vidare

Pga mykje snøsmelting og varme dei siste 14 dagar må vi stenge heile anlegget.

Vi har ein såle i deler av traseane og ved første høve vil vi prøve oss på å skape gode skiforhold i JS.

Mao vi treng kulde og hjelp i form av nedbør som snø.

Posted on February 25, 2019 .

20. februar - Kvamsbakken og Haugland open frå kl. 1030 - 1600

Vi har framleis snø i Kvamsbakken og Hauglandsområde. Det blir preppa til i morgon og det er svært greit underlag å køyre på .

Yr gir oss eit håp om kuldegrader og lettare vær i morgon, så vi trur at det kan vere ein fin skidag i JS i morgon.

Velkomne til Jølst !

Posted on February 19, 2019 .

19. februar - åpnar kvamsbakken og Haugland frå kl. 1000

Vi har ikkje mykje snø etter ei veke med regn og mildvær. Likevel håpar vi at YR held sin spådom om snø i morgon og vi vil preppe område der vi har kunssnø i øvre del. Super- G’n og Hauglandstraseane blirkøyrbare, men i familiebakken har ikkje nok snøog vil vere sengt. Bjørklia er også stengt.

Billettkontoret er nede i Varmestova og ein må køyre opp til øvre del, bomveg kr. 40.

Det er marginalt av løyper vi kan tilby, men håpar at de kan få ein god oppleving i JS, sjølvom vær og snøforhold ikkje har spelt på lag den siste tida.

Velkomne til Jølst !

Posted on February 18, 2019 .

17. Februar - Stengt

Vi held stengt i morgon og inn til vidare pga vi har mista svært mykje snø dei siste milde dagane.

Vi vil preppe traseane ved første anlegning på minusgrader ogi deretter sikre bakken på nytt med nett, slik at våre gjester vil ha trygg nedfart.

Snøen i terrenget er gjennomvåt og svært ustabil og difor ikkje køyrbart utanom preppa område.

Vi kan berre håpe på kaldare vær og eit nytt snøfall frå oven.

Vi informerer på Nettsida, Fnugg og FB.

Posted on February 16, 2019 .

15. - 16 februar - Stengt i kveld og i morgon

Mildvær og regn har laga problem for oss i traseane og vi held difor stengt i kveld og i morgon . Vi “går over” Kvamsbakken og Hauglands traseane mtp tryggleik, netting og prepping og satsar på å ha ope på søndag.

Velkomne til Jølst !

Posted on February 15, 2019 .

12. februar - Jippi ... det snør i Jølster

Vi preppar Kvamsbakken, Haugland og ein nedfart i Bjørklia. Famliliebakken og Bjørklia er avsett til laussnøkøyrng.

Finn fram skia og test dåkke i ca 15 cm nysnø kl. 1200 i dag

Velkomne til Jølster

Posted on February 12, 2019 .

8. Februar - Kveldskøyring i nysnø

Vi preppar øvre del til kl. 1600. Fått litt nysnø og vi preppar ikkje full breidde slik at ein kan køyre litt laussnøkøyring med godt underlag i traseane.

Vi har prøvd fanga snøen på toppen og i morgon vil vi opne Kvamsheisen til topps.

Velkomne til Jølster !

Posted on February 8, 2019 .