2 - 3. februar - Faste og fine forhold i traseane

I helga er det tidleg start i JS. Vi har regionrenn for den nye regionen på vestlandet i dag.

Kvamsbakken er difor steng til rennet er over, som startar kl. 900.

Turisten, Haugland, Bjørklia og Tautrekket er som vanleg ope. Vi ber om at våre gjester tar hensyn til markeringar av snøkanonhaugar og plassar med lite snø, som er markert i traseane.

Der er svært lite snø i terrenget utan for dei prepparerte traseane og det som er er svært vindpåvirka, so køyr etter forholda.

Laurdag har JS, i samarbeid med nokre hoppentusiastar, klargjort Bjørkliabakken for ein kombinert hopp/intruksjon/tevling- aktivitet. Det er visavi tautrekket. Stikk innom å ta deg eit hopp.

Velkomne til skihelg i Jølster.

Posted on February 2, 2019 .

1 februar - kveldskøyring

Vinden har løya mykje sidan i går kveld og i dag tidleg . Vi har fresa traseane ekstra sakte slik at det skal vere mjuk overflate å køyre på.

Fredig preppa kl. 1700

Trakkemaskina preppa traseane til løypelaget kl. 1400.

Velkomne til Jølster

Posted on February 1, 2019 .

31. Januar - Kveldskøyring til mellomavstigning - Fine forhold

Vi har produsert kunssnø frå søndag av på dei plassar som har hatt lite snø og stor slitasje. Traseane er fredig preppa til kl. 1600 i dag.

Vær litt OBS første turen i preppa løyper, då det kan vere litt vekslande underlag. Bjørklia bakken er ferdig preppa frå toppen og har no faste og fine forhold heile hovudnedfarten..

Vi er klar med Kvamsheisen til topps, men snøen er so vindpåvirka at vi har ikkje nok snø til å opne heilt opp med ein trygg nedfart.

Velkomne til Jølster !

Posted on January 31, 2019 .

29. januar - Kveldskøyring - Litt nysnø

Vi har fått 8 cm nysnø over 300 m. Vi produserer snø på dei stader som ikkje har tilstrekkeleg med snø og vi ber å køyre etter forholda.

Vi har mål om å ferdiglegge Turisten med kunstsnø ila veka og at vi for ein sikker nedfart frå toppen av Kvamsbakken. Heistraseen er klar.

Vi minner om at Bjørklia er delvis stengt pga snøproduksjon og minner om dei alternative sløyfene er preppa.

Velkomne til Jølster

nedfart.jpg



Posted on January 29, 2019 .

26 - 27. januar Fine forhold i bakkane

Bra med snø i JS. Over skoggrensa er snøen mykje vindpåvirka og Kvamsheisen går til melllomavstigninga.

Bjørklia blir betre og betre ettter kvar prepp. Tautrekket er i sving og mange prøver og øver seg der.

Turløypa i dalen blir teken godt vare på av Løypelaget og forholda er meldt om fine løyper.

Velkomne til Jølster

Posted on January 27, 2019 .

25. januar - Kveldskøyring frå kl.1800 til 2100

JS har løypene ferdig preppa til i kveld. Vi er i nærleiken av å opne Kvamsheisen heilt opp, men i skrivande stund er vi ikkje klare. Avstigning som tidlegare i år.Følg med på FB.

Bjørklia har vekslande forhold i nedfarten. So køyr etter tilhøva !

Tautrekket er i gang for fullt. Bjørkliabakken er preppa av god gjeng med Roald Juklestad i spissen. Den er klar til STORE SVEV for dei som vil prøve seg på det.

YR spår påfyll av nysnø i helga og håpar det slår til …

Velkomne til Jølst !

Posted on January 25, 2019 .

24 januar - Kveldskøyring - nypreppa

Traseane i øvre del er nypreppa og underlaget er mjukt og fint. Bjørklia er og open, men vi legg stadig kunssnø i deler av traseen så ver OBS!. Bruk altrenativ trase som nedfart dersom du køyrer nedre del.

Tautrekket/gratisheisen er montert og vil bli opna frå i kveld.

Velkomne til Jølst.

Posted on January 24, 2019 .

Vi skapar skiglede

Jølster Skisenter skapar trygge rammer for god læring av grunnleggjande skiteknikk. Det er her du legg grunnlaget for topptureventyret i Jølster.

Posted on January 22, 2019 .

20.Januar - Klarvær -faste forhold

Klarvær og kulde etter prepping ila natta. Det betyr faste og fine forhold i bakken.

I Bjørklia blir det framleis produsert kunstsnø og nedfarten er i alternativ trase som er preppa. 

Velkomne til Jølst

Posted on January 20, 2019 .

19.. januar - Meir laussnø og nypreppa

Traseane i i øvre del er preppa og klar til opning kl. 1030..Bjørkliaheisen er open, men nedfarten/ hoivudtraseen er ikkje klar. Bruk alternativ trase som er preppa med 2 maskinbreidde.jmfr skisse frå 18. januar

Frå høgde 350 moh har det vore under null grader og der er snøen tørr. Meir kram snø nede.

Mesteparten av anlegget er opna. Tautrekket nede i Bjørklia og siste biten frå mellomavstigning i Kvamsheisen er ikkje klare per dato.

Velkomne til Jølst.

Posted on January 19, 2019 .

18. januar - Meir laussnø til i kveld. Bjørkliaheisen er open.

20190118_115858.jpg

Folkens !

Meir laussnø til i kveld og nypreppa kl. 1400 i øvre del. Forholda er veldig innbydande og håpar mange finn vegen til nysnøen i JS.

Bjørkliaheisen starta i kveld. Nedkøyringa i Bjørklia er under kunssnøproduksjon og er berre mulig nedkøyring i alternativ trase jmfr. skisse.

Minner om å køyre etter både sikt og underlag og at de ivar eigen tryggleik.

Velkomne til Jølst !

Posted on January 18, 2019 .

17. januar - Kveldskøyring i puddersnø

Til i kveld er det trakka god breidde i Familie-og Kvamsbakken og underlaget er blitt fastare og betre for kvar dag, men ikkje like fast såle som med kunssnø. I Hauglandsheisen er det preppa på begge sider.

Kvamsheisen har avstigning på mellomavstigninga. Fram mot helga reknar vi med at vi har fått klargjort Kvamsheisen heilt til toppen.

Bjørklianedfarten er preppa, heistrassen ferdig og reknar med at vi kan opne Bjørklia til helga, men er å rekne som stengt i kveld.

Minner om at ein må køyre etter forholda og ferdighet på ski.

Velkomne til JØLST

Posted on January 17, 2019 .

15. Januar - Kveldskøyring i øvre del.

JS har fått vel 35 cm nysnø som er tråkka igår. Nye 5 cm i dag som ikkje blir trakka slik at ein kan køyre pudder i Kvamsbakken og Turisten. Nederste del og Hauglandsheisen blir preppa før åpning kl. 1800. 

På skissa er det teikna inn med gult det som er preppa i går, blått er preppa i dag og vil vere sakte fartområde.

Tryggleik i bakken er viktig og minner om at ein køyrer etter forholda og har nødvendig utstyr for eigen tryggleik.  

Sjekk ski, bindinger, briller og hjelm. 

VELKOMNE TIL JØLST  

kart150118.jpg
Posted on January 15, 2019 .

14.januar - Nysnø og prepping av traseane

Vi har fått godt med snø frå Nordvest og vi trakkar øvre del frå mandag morgon. Vi prøver å “fange” den snøen som kjem, sjølv om vinden er kraftig over skoggrensa.

Dette snøfallet ser lovande ut fog vi har mål om å kunne opne til mellomavstigning ila veka. Vi vil oppdatere på jølsterskisenter.no FB og etter kvart på fnugg og korleis forholda er og når traseane er klare.

Posted on January 14, 2019 .

11. januar - Stengt i helga.

Vi har ikkje nysnø eller kunne ha laga meir kunssnø etter nyttår og har difor ikkje trygge og gode forhold å tilby våre gjester i traseane i JS.

Likevel har vi eit godt grunnlag i store delar av anlegget , så det er ikkje mykje som skal til før at vi kan opne.

Info på nett og FB

Posted on January 11, 2019 .

10. januar - Mildvær og regn

Framleis mildvær og regn i JS. Endeleg informasjon om vi kan ha ope i helga kjem i morgon.

YR spår at det skal bli kaldare og litt nysnø, så vi lever i håpet.

Posted on January 10, 2019 .

8.januar - Håp om kulde og snø komande helg.

Mildværet den siste tida har herja med kunssnøen vår i JS. Likevel har vi berga mykje av underlaget. Dersom vi får nysnø,kulde og YR sitt varsel, er vi klare til å opne på kort varsel.

Kor mykje av anlegget vi opnar avheng kor mykje snø vi får, men Kvamsheisen til mellomavstigning og Hauglandsheisen krev ikkje veldig mykje snø før at det er køybart

Vi oppdaterer og informerer på Nett og FB.

Posted on January 8, 2019 .

Mildvær og regn

Mildvær og regn dei 2 siste dagane gjer til at vi ikkje kan opne øvre del av JS i helga. Mao JS er stengt inn til vidare.

Vi håpar både på kulde og nedbør som nysnø i tida framover. Deler av øvre anlegg i JS har kunstsnø og det er ikkje mykje som skal til før at vi kan opne Super-G traseen.

Følg oss på jolsterskisenter.no/aktuelt og FB for oppdatering.

Posted on January 4, 2019 .

Godt Nyttår !

Vi er optimistar JS og jobbar, håpar på at vi skal kunne opne traseane i Jølster skisenter. Status er at ca. 15% av løypenettet har god kunssnøsåle og er køyrbar, men temperatur og nedbør har gjort det krevjande å lage snø og ta vare på det som vi har greidd å produsere.

Vi har fått varierande hjelp av natursnø og vi har eit mål om å kunne opne øvre del av anlegget til komande helg. Kvamsheisen vil då ha avstigning på mellomavstigning og super-g traseenen vil vere den einaste nedfarten. Familiebakken er stengd. Utan for løype er det svært lite snø og ikkje køyrbart.

Hauglandsheisen har ein nedfart open. “Skiers Right”.

Bjørklia /gamlebakken har fått ein del kunstsnø, men er også stengt

JS vil informere og oppdatere dagleg framover på nettsida og FB.

YR og Webcam ligg som linkar på nettsida og der kan ein følge med på utviklinga av snø og værtilhøva.

JS ynskjer alle velkomne til ein forhåpentleg vis snørik vinter i 2019.

Posted on January 3, 2019 .