Kjem snøen i mars ?

Vi har ikkje fått eit "stort" snøfall denne vinteren.... Håpar det kjem ein overaskelse denne månen og då vil vi unnlate å preppe traseane og at vi kan ha laussnøkøyring  over heile anlegget 

Vi manglar noko snø i familiebakken og vi har ikkje hatt snø til å laga/preppa terrengområde så langt denne sesongen, men vi har framleis eit lite håp.

Opningstider i mars som vanleg; kveldskøyring tysdag, torsdag og fredag. Dagope laurdag og søndag.

Dagleg oppdatering på jølsterskisenter.no på aktuelt og fnugg.

 

 

Posted on March 1, 2017 .