11. januar - Stengt i helga.

Vi har ikkje nysnø eller kunne ha laga meir kunssnø etter nyttår og har difor ikkje trygge og gode forhold å tilby våre gjester i traseane i JS.

Likevel har vi eit godt grunnlag i store delar av anlegget , så det er ikkje mykje som skal til før at vi kan opne.

Info på nett og FB

Posted on January 11, 2019 .

10. januar - Mildvær og regn

Framleis mildvær og regn i JS. Endeleg informasjon om vi kan ha ope i helga kjem i morgon.

YR spår at det skal bli kaldare og litt nysnø, så vi lever i håpet.

Posted on January 10, 2019 .

8.januar - Håp om kulde og snø komande helg.

Mildværet den siste tida har herja med kunssnøen vår i JS. Likevel har vi berga mykje av underlaget. Dersom vi får nysnø,kulde og YR sitt varsel, er vi klare til å opne på kort varsel.

Kor mykje av anlegget vi opnar avheng kor mykje snø vi får, men Kvamsheisen til mellomavstigning og Hauglandsheisen krev ikkje veldig mykje snø før at det er køybart

Vi oppdaterer og informerer på Nett og FB.

Posted on January 8, 2019 .

Mildvær og regn

Mildvær og regn dei 2 siste dagane gjer til at vi ikkje kan opne øvre del av JS i helga. Mao JS er stengt inn til vidare.

Vi håpar både på kulde og nedbør som nysnø i tida framover. Deler av øvre anlegg i JS har kunstsnø og det er ikkje mykje som skal til før at vi kan opne Super-G traseen.

Følg oss på jolsterskisenter.no/aktuelt og FB for oppdatering.

Posted on January 4, 2019 .

Godt Nyttår !

Vi er optimistar JS og jobbar, håpar på at vi skal kunne opne traseane i Jølster skisenter. Status er at ca. 15% av løypenettet har god kunssnøsåle og er køyrbar, men temperatur og nedbør har gjort det krevjande å lage snø og ta vare på det som vi har greidd å produsere.

Vi har fått varierande hjelp av natursnø og vi har eit mål om å kunne opne øvre del av anlegget til komande helg. Kvamsheisen vil då ha avstigning på mellomavstigning og super-g traseenen vil vere den einaste nedfarten. Familiebakken er stengd. Utan for løype er det svært lite snø og ikkje køyrbart.

Hauglandsheisen har ein nedfart open. “Skiers Right”.

Bjørklia /gamlebakken har fått ein del kunstsnø, men er også stengt

JS vil informere og oppdatere dagleg framover på nettsida og FB.

YR og Webcam ligg som linkar på nettsida og der kan ein følge med på utviklinga av snø og værtilhøva.

JS ynskjer alle velkomne til ein forhåpentleg vis snørik vinter i 2019.

Posted on January 3, 2019 .

Stengt 3. dag

01-regn-10383.jpg

Det er svært mykje nedbør i lufta desse dagar. Vi vil derfor halde stengt inntil vidare. Vi vurderar forløpande og vil gje daglege oppdateringar.

Posted on December 26, 2018 .

Sesongopning 2018/19

Endeleg er vi i gang. Vi har fått nok snø til å opne opp Huglandsheisen. Og vi har gleden av å tilby gratis køyring til alle som ynskjer å starte sesongen. Bomvegen vert open for fri gjennomkøyring.

VELKOMMEN ALLE SAMMEN!

Posted on December 7, 2018 .

Generalforsamling

Generalforsamling i Jølster Skisenter AS

Det vert med dette kalla inn til generalforsamling i Jølster Skisenter AS, onsdag 28 november 2018 kl. 1900 i varmestova nederst i anlegget.

Sakliste

Registrering

  1. Val av møteleiar

  2. Godkjenning av innkalling

  3. Val av protokollførar

  4. Val av representant til å signere møtebok saman med møteleiar

  5. Årsrekneskap 2017/18

  6. Val til styret

Dagens styre består av:

1 år - Geir Opseth, styreleiar

1 år - Frode Svidal, nestleiar (Jølster Idrettslag)

2 år - Thomas Jarning, styremedlem

2 år - Leif Arne Åsen, styremedlem

2 år - Ragnhild Sæle, styremedlem (Jølster Kommune)

1 år - Jakob A. Sandal, styremedlem (Jølster Kommune)

1 år - Stein Arne Sunde, styremedlem (Bjørkelia Hytte/SAS AS)

1 år - Nils Ove Åsen, styremedlem (Holtane Hyttegrend)

1 år - Atle Hamar, styremedlem (Jølster Alpin). Hamar gjekk ut av styret i vinter som følgje av at han vart utnemnd til statssekretær.

 

- Kandidatar med (1 år) er på val i 2018 og kandidatar med (2år) er på val i 2019. Styreleiar er på val kvart år.

- Ber om at eventuelle framlegg til nye styremedlemmer blir sendt på e-post til styreleiar innan 28.11.2018

 

Aksjonærar som ønskjer årsrekneskap tilsendt kan ta kontakt med styreleiar Geir Opseth på mobil 48 00 22 23, eller på e-post geir@fvbk.no

 

Med venleg helsing

for Jølster Skisenter AS

-sign-

Geir Opseth

Styreleiar

Posted on November 25, 2018 .

Tusen takk!

Tusen takk til alle våre gjestar som har besøkt Jølster Skisenter denne sesongen! For eit fantastisk publikum

Tusen takk til allt vaktmannskap som har hjulpe oss med den daglege gjennomføringa! Kvar og ein er heilt unik! No fortjenar dokke ein ordentleg klapp på skuldra!

Vi gledar oss allereie til neste år og kryssar ski og stavar for ein like stabil og heilt konge vinter då! 
Vi ynskjer alle ein riktig flott vår, sommar og haust 2018! 

Velkommen tilbake i 18/19 sesongen! 

Posted on April 16, 2018 .

14 - 15. jølster april

JS er ope laurdag og søndag i øvre del til vanleg tid. Her er framleis supert underlag og rikleg med snø. 

VI håpar at mange finn vegen til Jølster og legg inn litt ekstra alpin trening til toppturar som ventar i mai.

Velkomne til Jølster.

 

Posted on April 12, 2018 .

7-8. April åpe øvrde del

upload.jpg

Jølster skisenter har ope i øvre del, Kvamsheisen og Hauglandsheisen, laurdag og søndag til vanleg tid.(kl. 1030 til 1630).

Hugs heiskort på bilettkontoret. Bommen opnar seg ved gyldig Key-Card/heiskort. 

Yr spår at vi kan få litt ekstra pudder  og vi håpar at dei som enno ikkje har sett vekk skia vil ta seg ein tur.

Velkomne til Jølster  

Posted on April 6, 2018 .

Vidare framover...

JS kjem til å halde ope framover i helgane dersom vær og føre er ok. Dette blir vurdert for kvar helg og opningstider vil vere frå kl. 1030 til 1630.

Vi vil informere på jolsterskisenter.no, fnugg og Facebook.

Komande torsdag og fredag har vi Fis-renn i anlegget/Bjørkliabakken.

 

Posted on April 4, 2018 .

Påske 2018

Supre meldingar og flotte forhold i Jølster skisenter.

Heisane opnar kl. 1030 - 1630.

Etter 2. påskedag har vi ikkje kveldskøyring. Det blir halde ope i helgane framover og det blir kunngjort opningstider.

Minner om at det kan vere lurt å øve alpinteknikk i JS mtp at topptursesongen kjem til å vare lenge i år.

Velkomne til Jølster

Posted on April 2, 2018 .

29. Mars - God påske

upload.jpg

Sol over Jølster og flott skiføre over alt. JS har preppa traseene ila natta og er klar til påskegjester.

Velkomne til Jølster  

Posted on March 29, 2018 .