6. mars - Hei folkens

Etter ein kjedeleg varmeperiode og nedbør som regn, har vi fått litt nysnø og produsert litt kunstsnø nattestid. Det betyr at vi har eit håp om å opne øvre del,Turisttraseen, til komande helg.

JS har norgesmeisterskap og Fis-renn i helga og det vil gå føre seg i Kvamsbakken.

Deler av Kvamsbakken har hatt greit med snø som nedfart for aktive alpinistar, men for mykje is til å vere triveleg for våre gjester.

Nysnøen har skapt håp og YR spår om meir natursnø.

Nettsida, Fnugg og FB vil bli dagleg oppdatert framover til helga.

Posted on March 6, 2019 .