26. januar - opphaldsvær og minusgrader

Etter krevande vær dei siste dagane har no gradestokke bikka under null og det blir lettare å presentere eit fastare og betre  underlag i traseane. 

I øvre del er det kome nysnø og den er preppa til opning i kvelde kl. 1800 og vi trur forholda blir gode og ganske mjuke.

Nedre del er preppa i morgontimane i dag.  Vi  prøver å få så fast underlag som muleg etter alt regnværet som har vore.

Velkomne til Jølster

 

Posted on January 26, 2018 .