25. januar - Kveldskøyring frå kl.1800 til 2100

JS har løypene ferdig preppa til i kveld. Vi er i nærleiken av å opne Kvamsheisen heilt opp, men i skrivande stund er vi ikkje klare. Avstigning som tidlegare i år.Følg med på FB.

Bjørklia har vekslande forhold i nedfarten. So køyr etter tilhøva !

Tautrekket er i gang for fullt. Bjørkliabakken er preppa av god gjeng med Roald Juklestad i spissen. Den er klar til STORE SVEV for dei som vil prøve seg på det.

YR spår påfyll av nysnø i helga og håpar det slår til …

Velkomne til Jølst !

Posted on January 25, 2019 .