Kvamsfjellet Ned 14.03.2015

Det er meldt skikkeleg påskevær i bakken no til helga og vi satser på å arrangere Kvamsfjellet Ned på laurdag. Vi vil i tillegg har ein god del andre aktivitetar i bakken, inkludert John Deere Big Jump og mini jump.

Airlift stiller med helikopter og er vil vere tilgjengeleg både for å frakte deltakarane til toppen av Kvamsfjellet og sightseeing turar over Jølster for andre interesserte.

Kom og sjå eller delta på:
*John Deere Big Jump kl 13.00
*Mini John Deere Jump I barnebakken 
*Grilling I bakken
*Mini Kvamsfjellet Ned 7-13år
*Kvamsfjellet Ned 14 år +
*Premiesermoni 
*Afterski med Live musikk - Punch (coverband frå Florø skapar god stemning)

Påmelding til renn i varmestova frå kl 11 til 14.

Deltakeravgifter:
kr150,- du tek deg til toppen sjølv
kr300,- inkluderer trakkemaskin transport til toppen
kr600,- inkluderer helikopter transport til toppen

Start mini - kvamsfjellet kl 16
Start Kvamsfjellet kl 16.30 (utøverne må vere klar for trakkemaskin transport kl 15.00 på toppen av heisen. Helikopter går frå fotballbane v/ parkering nede)

Vi riggar med telt og utekonsert etter rennet!

 

Posted on March 7, 2015 .