Opningstider fram til påske

Vi har framleis rikeleg med snø i nesten heile anlegget, kun Bjørkeliabakken som er litt utsatt no med mildværet. Men vi har ein god lag kunstsnø i Bjørkeliabakken som vi er ganske sikkert vil holde ut påske.

Frå støylen og oppover er det heilt fantastiske forhold, med masse snø.

Plan pr no er å holde open vanleg tider, dvs kveldsope tysdag, torsdag og fredag, dagope laurdag og søndag. Det er meldt bra kulde neste veke som vil sikre snøen vi har. I tilfelle skikkeleg dårleg vær kan vi endre opningstider på kortvarsel. Det er for å sikre fine forhold i bakken til påskeferie som starter om 10 dagar.

Vi har merka ein nedgang på aktivitet no, som er forståeleg med tanken på grøne hager i Førde, Florø og resten av lavlandet. Her i Jølster Skisenter er det framleis full vinter og nydelege skiforhold. Det blir nok ein lang sommar, så bruke den tida vi har å stå på ski til akkurat det! På med skia, dra med familien og naboar og nyter fine forhold.

Posted on March 18, 2015 .