Full fart i hyttebygginga

Det er full fart i hyttebygginga i hyttefelta på kvar side av Jølster Skisenter. I desse dagar er det 7 - 8 prosjekt på gang samstundes. Nokre av desse er i sluttfasen og skal takast i bruk til vinteren, medan andre er i startfasen og vil bli ferdigstilte i løpet av 2013. Det er i hovudsak private frittståande hytter som vert bygde, men det er også eit leiligheitsprosjekt på gang.

Det er Holtane Hyttegrend og Bjørkelia Hyttefelt som står bak desse prosjekta.

 
Posted on October 25, 2012 .