2. februar - snøforholda idag

Været er framleis svært vekslande. Vi har fått rikeleg både våt og tørr snø omkvarandre.

Traseane er ferdig trakka til kl. 1730  - også øvre del av Kvamsheisen/bakken, men avstigninga kan bli som tidlegare dersom vær, vind og føre tilseier det iht tryggleik.

Snøbrettparken, "skiers left" i familiebakken, er blitt trakka og enkelte element er heilt  eller delvis klare.  Innspel på vidare utforming av "Parken"  - bruk FB ,  David Olsen og Even Hole for å hjelpe oss til å få  parken så god som muleg.

Utforminga av parken passar for ulike nivå og utstyr så både brett og ski kan nyttast.

Tips frå parkgruppa - Sjekk bindingar, hjelm, briller, ryggplate etc.  

 

Posted on February 2, 2016 .