2 - 3. februar - Faste og fine forhold i traseane

I helga er det tidleg start i JS. Vi har regionrenn for den nye regionen på vestlandet i dag.

Kvamsbakken er difor steng til rennet er over, som startar kl. 900.

Turisten, Haugland, Bjørklia og Tautrekket er som vanleg ope. Vi ber om at våre gjester tar hensyn til markeringar av snøkanonhaugar og plassar med lite snø, som er markert i traseane.

Der er svært lite snø i terrenget utan for dei prepparerte traseane og det som er er svært vindpåvirka, so køyr etter forholda.

Laurdag har JS, i samarbeid med nokre hoppentusiastar, klargjort Bjørkliabakken for ein kombinert hopp/intruksjon/tevling- aktivitet. Det er visavi tautrekket. Stikk innom å ta deg eit hopp.

Velkomne til skihelg i Jølster.

Posted on February 2, 2019 .