Framleis snø i Jølster

Sjølv om vi har stengt ned heisane  i skisenteret, er det framleis høve til å nytte/nyte snøen og fjella i Jølster. 

Vi vil takke alle brukarar og gjester i Jølster skisenter denne sesongen og ynskjer velkomne til neste år. 

 

157.jpg
Posted on April 19, 2017 .

2.påskedag - siste dag for i år

Vi håpar så mange som muleg nyttar denne dagen i Jølster skisenter.

Der er fine forhold i traseane i øvre del og perfekt til å øve litt ekstra på alpine ferdigheter framfor vår/toppturar som står for døra.

Jølster alpin har klubbmesterskap med start slalom kl. 1400. Håpar mange, i alle aldersklasser,  stiller.

Velkomne til Jølst :)

 

Posted on April 16, 2017 .

Påskeafta

Etter ein superdag i JS har det kome inn litt skyer, men traseane som er opne, er trakke og klare til bruk.

Forholda i bakken er overraskande gode.

Hugs! Heiskort må ein kjøpe nede i varmestova (før bommen).

Velkomne til Jølst !

 

Posted on April 15, 2017 .

14. april - ope i øvre del :)

Vi har preppa øvre del av anlegget og har tru på at det blir ein flott deg  i Jølster skisenter.

Kvams/ og Hauglandsheisen  har framleis bra med snø. I familiebakken har det minka med snøen og det er plassar som er snøbart. Så køyr etter forholda... 

Hauglandskaffeen er open.

NB! Heiskort/bompasserting køper ein i varmestova nede i anlegget. 

Velkomen til Jølster !

 

Posted on April 14, 2017 .

13. april - påske

Vi har prepparert Kvams og Hauglandbakken med salt og trakkemaskin. Det betyr at overflata vil vere mykje hardare og ikkje "sugeføre" som t,d. det var i dag.

Famliliebakken er også preppa med maskin, men der er det begrensa med snø.

I terenget er det vårsnø og blaute forhold.

JS kan mao tilby alpin skikøyring i øvre anlegg fleire dagar framover så lenge snøen varer.

Det er første gang det er salta heile trasear i Jølster og vi håpar at det vil vere ein positiv overaskelse til våre gjester.

Velkomne til Påske i Jølster

 

Posted on April 12, 2017 .

12. april - ope i øvre anlegg

Vi har snø i øvre del av traseane . Kvamsbakken og Hauglandsområde er det bra med snø, familiebakken har område  som det er bart.

Det har veksla mellom snø, sludd og regn det siste døgnet og skiføre er å beskrive som vekslande våt snø.

Traseane er trakka i gårettermiddag

Posted on April 12, 2017 .

11. April - Opnar i morgon 12.april

Vi har ila natta trakka ned snøen som er komen det siste døgnet og vi opnar øvre del av anlegget i morgon 12. April frå kl. 10.00 til 1600.

Bommen vegen opp i øvre del opnar på  K-card frå Jølster skisenter.


 

Posted on April 11, 2017 .

7.april - stengt igjen....

Etter 2 dager med prepping  hadde vi eit håp om gode snøforhold, men mildvær og regn opp til 1000 moh gjer til at vi må stenge anlegget etter berre ei kveldskøyring.

YR gjev oss framleis eit håp om mindre nedbør og kulde framover til tysdag.  Vi trur framleis vi skal kunne ha ope i  påska, men været må spela litt meir på lag med oss enn kva har vore tilfelle den siste tida.

VI OPPDATERER HER... 

upload.jpeg
Posted on April 7, 2017 .

6. april - kveldsope øvre del

Vi har fått noko nysnø i øvre anlegg. Kvamsheisen og Hauglandsheisen er open kl. |800 - 2100. Vi har preppa alle trasear. Utanfor traseane er det våt snø og småelvane er opne så ein må vere varsam i terenget. Det er og fare for sløss-ras når snøtilhøva er slik som no

Bommen opnar på gyldig  Key-Card frå Jølster Skisenter no når Bjørkliaheisen ikkje går.

Bilettkontoret er ope frå 1730.

Vel møtt ):

Posted on April 6, 2017 .

5. april - vi preppar øvre del...

Vi trakkar i øvre del av anlegget. Vi håpar at dei tiltak vi gjer no sikrar snøforhold framover og Jølster skisenter kan halde åpe i Påska.

Følg med på nettsida .... Vi oppdaterer her :)   

Posted on April 5, 2017 .

2. April - stengt inntil vidare

Mildvær og regn har igjen herja med snøen i Jølster skisenter. 

Vi har stengt anlegget i morgon og framover.   

Vi vil prøve å flytte på snø og berge det vi har. Målet er å preppe og ha trasear til Palmehelga. 

Posted on April 1, 2017 .

1. April - opent

Bjørkliaheisen, Kvamsheisen og Hauglandsheisen  er opne. Mykje mildvær gjer til at det er mjukt og blaut snø. Deler av heit rasene har lite snø, men det går framleis greit å køyre på ski.

Vel møtt ☺ 

 

 

Posted on April 1, 2017 .

30. mars - stengt

Vi held stengt i dag grunna mildvær og prepparering av deler av traseane som har hatt mykje snøsmelting.

Vi har god tru på at vi skal få til traseane frå i morgonkveld.

Vi oppdaterer på nettsida vår

Posted on March 30, 2017 .

28. mars - flotte forhold i kveld

Ta turen til Jølster i kveld. Lyse kveldar og god snø i øvre del av anlegget. 

Traseane er preppa til opning kl. 1800

Ser ut til at været vil "vise seg fram" frå ein anna side i dag :)

Posted on March 28, 2017 .

25. Mars - Godt med snø I Jølster

Vi har fine forhold I våre trasear. Mjuk snø og lett å køyre på ski.

Traseane er trakka til opning i dag kl 10.30.

Kvamsfjellet ned og diverse aktiviteter i anlegget i dag. 

Velkommen til en flott Jølsterdag på ski. 

 

Posted on March 25, 2017 .