Opprydding etter Dagmar

No i sommar er det full fart med opprydding etter Dagmar. Jølster Skisenter fekk til dels store skader på vannvegar, snøproduksjonsanlegg og lysanlegg. Samla sett er det skadar som er taksert til nærare kr. 400.000. Ein god del av dette vert dekka av forsikring og naturskadefond.
Egil Tefre er no i sving med å utbetre skadane og bildene er tekne der det vart mest skade i anlegget, korthenget i Kvamsbakken. Her tok elva seg nytt løp inn i rørgata til snøproduksjonsanlegget. Det har medført at vi må legge nye rør og elveløpet vert plastra etter alle kunstens reglar.

18.07.2012