Føret i dag
Siste snøfall: 22.02.2012
Siste snøfall cm: 15
Snø frikjøring: 170
Opne trasear: 4

Jølster Løypelag BA

 

Jølster Løypelag vart stifta 6 desember. Løypelaget skal stå for utvikling, drift og vedlikehald av langrennsløypene i området omkring Jølster Skisenter. Formelt sett vil Jølster IL stå som utbyggar (for å få spelemidlar), men det er Jølster Løypelag som vil styre prosjekta.
Det første prosjektet Jølster Løypelag no jobbar med er turløypa rundt Gjesdalsdalen. Dette er ei rundløype gjennom eit særprega og naturskjønt område og som vil bli knytt saman med det løypenettet som alt er etablert i tilknytning til Jølster Skisenter. Når denne løypa er ferdig har ein ca. 20 km. med grunnpreparert turløype med ustpring i Jølster Skisenter. Dette prosjektet ligg no hjå fylkeskommunen med vurdering for spelemidlar kommande år. Sparebankstiftinga har løyvd kr. 300.000 og ein jobbar også inn imot andre slike institusjonar som eksempelvis Gjensidigefondet. Vi har klare forventningar om spelemidlar og då vert det byggestart sommaren 2012.
Neste prosjekt på lista som er under planlegging er ei 2,5 km. lysløype i området kring mellomstasjon i Jølster Skisenter. Dette vert ei kompakt trenings og konkurranse løype som vil ligge på mellom 450 og 500 moh. I eit etter måten snøsikkert område. Nærleiken til Jølster Skisenter og snøproduksjonsmiljøet der gjer at ein kan tenkje seg positive synergiar i den samanheng.
 
Ein positiv biverknad av desse prosjekta er at løypenettet også vil kunne nyttast på sommarstid av gåande og dei som driv med terrengsykkel.
 
Ei anna viktig oppgåve for Jølster Løypelag vil vere å hente inn driftskapital. Eit ferdig utbygd turløpenett på 25 km, samt lysløype på 2,5 km, vil ha årlege driftskostnadar på kr. 200 – 250.000.
Gode langrennsløyper har ein kostnad og så langt er det ikkje høve i Norge til å krevje løypeavgift. Det finst mange frivillige løysingar og Jølster Løypelag er eit eksempel på det.
Andelseigarane vil særleg bli utfordra, men det er ein førsetnad at det ligg frivilligheit i botn. Andelslaget definerer kvart år ei medlemsavgift som medlemmane og andre interesserte vert oppmoda om å betale inn.
Typisk årleg medlemsavgift ligg på mellom kr. 500 og kr. 1000 pr. andel jmf. andre løpelag vi har hatt dialog med.
 
Andelskapitalen i løypelaget vil dels bli nytta som tilskot inn imot utbyggingsprosjekta og dels til naudsynte investeringar knytt til drift og vedlikehald.
I første omgang vil Jølster Løypelag BA leige Jølster Skisenter til preparering av løypenettet.


14.12.2011



 




    Løypekart
Klikk på ikonbildet for å sjå større bilde av løypekartet

Overnatting
finn du hjå ein av våre samarbeidspartnerar på www.sunnfjordvinter.no

Jølster Skisenter på Facebook


Filmar og bilder fra skisenteret og fjella i Jølster

Sommartilbod
Vi har og tilbod om sommaren.
Les meir...

Salg Hyttetomt
Drøymer du om hytte på fjellet?
meir info...


Copyright (c) 2012 Jølster Skisenter Login | DNN Design: Gasta