Komplett snørapport>>
Onsdag og torsdag arrangerer Jølster Alpin og Jølster Skisenter FIS Vestlandscup i Gamlebakken i Jølster Skisenter. Det betyr at Gamlebakken er stengt for fri ferdsel. Det er likevel greit å ta seg båd opp og ned igjen, men følg anvisning frå funksjonærane. Trasean i Øvre del er opne for fri ferdsel. Været er ikkje det beste med regn i nedre del og sludd og snø i øvre. Temperatur frå 0 grader til 5 pluss. Vi opnar ordinært kl. 10.30 og held på til kl. 16.30 Vi gjer merksam på stor rasfare i fjellet, i bratte hellingar, under skavlar og i dei områda som vi har merka ut.
Visste du at vi i år har flett nye snøbrett til utleige i skiutleiga. Ikkje nok med det, vi kan også tilby utleige av nye smørefrie langrennski, gjerne til bruk i dei flotte langrennsløypene som no er etablerte i området kring Jølster Skisenter.
Jølster Skisenter er stengt kvar måndag. I dag nyttar vi tida til å produsere tamsnø i Gamlebakken, slik at vi skal tåle mildværet som nok vil komme ein gong. Jølster Skisenter er igang igjen tysdag kl. 18.00 og heile veka til endes.
Overnatting finn du hjå ein av våre samarbeidspartnerar på www.sunnfjordvinter.no
Jølster Skisenter på Facebook Filmar og bilder fra skisenteret og fjella i Jølster Sommartilbod Vi har og tilbod om sommaren. Les meir...
Salg HyttetomtDrøymer du om hytte på fjellet?meir info...