b6.jpg
Føret i dag
Siste snøfall: 22.02.2012
Siste snøfall cm: 15
Snø frikjøring: 170
Opne trasear: 4

     Firda Skiskule 2011

Velkomne til oss i Jølster Skisenter og Jølster Alpin! Våre erfarne skiinstruktørar vil gjere vårt aller beste for at du skal få ei god skioppleving og meistre kunsten å stå på ski!
Nybyrjarkurs 5 tysdagar frå og med 10. januar. Kl. 18-19 og 19-20.
  • Aldersgrense 5 år. Høver for deg som ikkje har stått på ski før, eller har stått litt på ski. Grunnleggande skiteknikk med fokus på skitryggleik, leik og moro!
  • Foreldre lyt vere med og hjelpe til!
  • Føregår i nedste barneheisen. Gratis heis.
  • Vert avslutta med barneskirenn utan tidtaking, med premiering til alle!


Rekrutt I torsdagar frå og med 12. januar fram til vinterferien. Kl. 18-19.30.

  • Aldersgrense 6 år. Høver for deg som har stått litt på ski og ynskjer å lære å stå i heis.
  • Føregår i barneheisen ved mellomstasjonen, Bjørneheisen (gratis heis).
  • Etter kvart øver vi på å ta heis i stor bakke (heiskort lyt kjøpast).
  • Grunnleggande skiteknikk, frå plog til carving, med fokus på skitryggleik og heiskjøring.


Rekrutt II tysdagar frå og med 10. januar fram til vinterferien. Kl. 18-19.30.

  • Aldersgrense 7 år. Høver for deg som meistrar å følje ”stor” heis.
  • Føregår i stor bakke, i Familietraseen. Heiskort lyt kjøpast.
  • Fokus på skiteknikk.


Konkurransegruppe tysdagar og torsdagar

  • Høver for deg som ynskjer å trene aktivt.
  • Aldersgrense 9 år. To treningar i veka.
  • Fokus på skiteknikk, kjøring i lang løype og som førebuing til renn/krinsrenn.


Treningsavgift kr. 550 for alle gruppene.

Påmelding til Ørjan Smådal skiskule@yahoo.no innan 20. desember!

Vi treng:

Namn på deltakar

Fødselsår

Namn på føresette

Adresse

Telefonnr.

Innmelding i ditt lokale idrettslag: Alle som deltek i organisert aktivitet lyt vere medlem i eit idrettslag. Ein vil då automatisk vere forsikra via NIF si barneidrettforsikring som gjeld både for alpint, fotball eller andre organiserte idrettar. Meld deg inn her: Jølster IL .

Dersom du er over 13 år og kjører aktivt på ski, lyt du teikne skilisens for å få forsikring og for å kunne stille til start ved skirenn. Meir informasjon finn du her: Skiforbundet .

Følg oss også på Facebook!

Vennleg helsing oss i Jølster Alpin og Jølster Skisenter




 




    Løypekart
Klikk på ikonbildet for å sjå større bilde av løypekartet

Overnatting
finn du hjå ein av våre samarbeidspartnerar på www.sunnfjordvinter.no

Jølster Skisenter på Facebook


Filmar og bilder fra skisenteret og fjella i Jølster

Sommartilbod
Vi har og tilbod om sommaren.
Les meir...

Salg Hyttetomt
Drøymer du om hytte på fjellet?
meir info...


Copyright (c) 2012 Jølster Skisenter Login | DNN Design: Gasta