Føret i dag
 
Siste snø 16.03.2010
På Støylen 30 cm
Heisar 4 av 4


       

     Turløyper

I dal- og fjellområda og dalføra rundt Jølster Skisenter er det eit kjempeflott turterreng. Du kan gå mot Gjesdalsdalen frå fleire sider, eller du kan ta toppturar til Varden og Kvamsfjellet. Jølster Skisenter preparerer omlag 20 km turløyper, og under kan du følge med på status på desse. 
På fotballbana ved varmestova startar lysløypa. Denne er 2.5 km lang (1.2 km kvar veg) og ein kan sjølv slå på lys ved boks som står i lysmast på enden av fotballbana mot varmestova. Denne går automatisk av kl 22:00. 
Du kan klikke her for å sjå kart over turmoglegheitane.


Klikk her for status på løypene

turbilde2lite.jpg         turbilde1lite.jpg
Gjesdalsdalen                                       Kvamsfjellet

Løypekart

Rød strek på bilda viser kvar løypene går. Bileta høyrer saman. Det er 2 utgangar frå skibakken til turløypene. Dersom du ynskjer å starte nede i anlegget går du til enden av fotballbana og føl preparert løype innover skogen. Dersom du ynskjer å gå på toppen av fjellet over skibakken, begynner du på toppen av T-heis nr 1, og føl løypa derifrå. Dersom du skal på Kvamsfjellet, er det eit fint utgangspunkt frå toppen av den nye skiheisen.

Dersom du har spørsmål til turløypa, ta kontakt med vakt eller billettbua så skal vi hjelpe.

GOD TUR!!



Toppturar i Jølster
Med sine mange fjell kan Jølster by på mange flotte toppturar. Nedanfor finn du løypebeskrivelse og forklarande bilder til nokre av fjelltoppane. God tur

Nonsnipa   1193 moh        
Tindefjellet  1083 moh      
Godtdalsnipa  1293 moh   
Kvamsfjellet   1034 mohI




    Løypekart
Klikk på ikonbildet for å sjå større bilde av løypekartet

Overnatting
finn du hjå ein av våre samarbeidspartnerar på www.sunnfjordvinter.no

Jølster Skisenter på Facebook

Webkamera...
Her kan du sjå "live" frå mellomstasjon mot Kvamsheisen og Kvamsbakken

Sommartilbod
Vi har og tilbod om sommaren.
Les meir...

Salg Hyttetomt
Drøymer du om hytte på fjellet?
meir info...


Copyright (c) 2010 Jølster Skisenter Login | DNN Design: Gasta