Føret i dag
 
Siste snø 16.03.2010
På Støylen 30 cm
Heisar 4 av 4


       

     Turløyper                                        Aktuelt

Ut på langrennski

Løypestatus finn du på
SKIINFO
Her finn du kart
________________

 

Dugnaden held fram - 7. september 2010

Kommande laurdag kl. 10.00 held vi fram med dugnad i Jølster Skisenter. Hovudfokus er framleis rydding av skog og kratt i Gamlebakken. I dag har vi hatt traktor med beitepussar frå Bjørnehammaren og ned til Varmestova. Det vart veldig bra, men det står noko kratt igjen som Lars-Ottar Digernes ikkje fekk fat i med beit...epussaren. Dette må vi ta manuelt med ryddesag.
Det andre som er prioritert er traseen til Gamleheisen. Her står det ein del kratt og vi har noko skog langs med som må vekk.
Grunnen til at vi tek denne jobben no er ganske enkelt for å spare snø til vinteren. Ein slett og fint rydda trase krev mykje mindre snø enn ein trase med meterhøgt seljekratt.

 

Sogn og Fjordane Auto Water Splash Challenge - 2. april 2010

Påskeafta gjekk årets kulaste skievent av stabelen i Jølster Skisenter. Sogn og Fjordane Auto Water Splash Challenge er eit stemne som markerer overgangen mellom vinter og sommar og vi kombinerer her ski på snø og i vatn. Vel 25 tøffingar deltok i konkurransen og langt i frå alle kom seg tørre heim att. Eit stort publikum vart møtt fram og dei storkosa seg i spruten frå ivrige deltakarar.
 Bassenget som skulle kryssast var vel15 meter langt og 50 cm djupt, og det vart konkurret i ulike stilartar.

 

Grasrotandelen - 14. november 2009

Jølster Skisenter er no registrert i frivillighetsregisteret og er dermed godkjent som mottakar av GRASROTMIDLAR. Dette funkar slik at 5 % av alt du tippar for gjennom Norsk Tipping vil kome Jølster Skisenter til del dersom du vel å støtte dei. I 2009 er det faktsik slik at dersom du vel Jølster Skisenter som di første... mottakar av GRASROTMIDLAR så vil 5 % av alt du har tippa for i 2009 lande i Jølster Skisenter. Dette er i såfall pengar som vil kome svært godt med i vidare positiv utvikling av Jølster Skisenter.
Så fyk av stad og tipp og vel gjerne Jølster Skisenter som mottakar av din GRASROTANDEL.

 

Film frå Kvamsfjellet ned - 29.01.2009

Sist vinter vart det produsert ein illustrasjonsfilm om Kvamsfjellet ned. Her får du vere med på skuter opp på Kvamsfjellet på 1030 moh der du får nokre flotte glimt av utsikta derifrå. Så tek du skia fatt og tek turen i utforstilling ned  Super-G traseen heilt til botn på anlegget. Fotograf er Øyvind Gjesdal.
Filmen finn du på lenkja nedanfor. 

  read more...




    Løypekart
Klikk på ikonbildet for å sjå større bilde av løypekartet

Overnatting
finn du hjå ein av våre samarbeidspartnerar på www.sunnfjordvinter.no

Jølster Skisenter på Facebook

Webkamera...
Her kan du sjå "live" frå mellomstasjon mot Kvamsheisen og Kvamsbakken

Sommartilbod
Vi har og tilbod om sommaren.
Les meir...

Salg Hyttetomt
Drøymer du om hytte på fjellet?
meir info...


Copyright (c) 2010 Jølster Skisenter Login | DNN Design: Gasta